Satsar tungt paa Fo U
PHARMA MARINE: Pharma Marine sel omega 3-olje til bedrifter verda over, basert på råolje som dei kjøper frå fiskereiarlag og produsentar. Pharma Marine raffinerer oljen og sel den i tønner eller tappa på flasker. Her er gründer Leif Kjetil Gjendemsjø. 
Nytt

Satsar tungt på FoU

Pharma Marine har tredobla omsetninga siste fem åra og har no passert 150 millionar. 

Kristin Vidhammer
19.06.2018
I fjor hadde dei driftsinntekter på 152 millionar kroner og eit resultat før skatt på 7,1 millionar (sjå tabell).
Pharma Marine i Søvik utviklar og produserer omega-3 produkt til bruk i mat og kosttilskot, og har som mål at produkta også kan inngå som aktiv substans i farmasøytiske produkt.
- Ein blir aldri ferdig med å så. Vi må heile tida jobbe med å utvikle nye produkt, marknader og kunder og vi ønskjer å stadig forbetre oss, sa gründar og hovudaksjonær Leif Kjetil Gjendemsjø til NETT NO i fjor.
I fjor investerte dei nærmare 10 millionar kroner i FoU-aktivitetar.
Gjendemsjø etablerte Pharma Marine i 2007 og det er investert godt og vel 200 millioner kroner berre i anlegget som han kjøpte på Terøya i Søvik i 2008.

Har ikkje ambisjonar om å bli størst mogleg

Pharma Marine byrja å tene pengar i 2014. Pharma Marine låg på niande plass på Gaselle-lista over dei raskast veksande bedriftene i Møre og Romsdal i 2015.
- Vi har ikkje ambisjoner om å bli størst mogleg. Vi vil utvikle det vi har og lage gode produkt, sa Gjendemsjø i fjor.
- Målet er først og fremst å utvikle produkt for betre helse og liv, og vi er også opptatt av å utnytte restråstoff på ein så god måte som mogleg. Men sjølvsagt ønsker vi også å bygge opp ei solid bedrift, vi har jo gjort store investeringar. Vi berre peiser på, så får vi sjå korleis det går, sa han vidare.
Medan Pharma Marine fekk svært gode resultat før skatt i 2014 og 2015 på 15 millionar kroner begge åra, vart resultatet i 2016 og 2017 ein del svakare, noko som skuldast produktutvikling og lageroppbygging mellom anna.

Omfattande FoU

Selskapet har også i fjor gjennomført eit omfattande arbeid med forskning- og utviklingsoppgåver. Mykje av dette er vidareføring av tidlegare påbyrja prosjekt, men det er også igongsett nye fou-oppgåver.
- Selskapet har ein tilfredsstillande ordresituasjon og fokuserer på sal- og marknadstiltak som skal gje grunnlag for ei vidare positiv utvikling av selskapet. Selskapet er med desse tiltaka godt posisjonert til å kunne skape tilfredsstillande resultat også i inneverande år, skriv styret i årsmeldinga for selskapet.
Pharma Marine sel omega 3-olje til bedrifter verda over, basert på råolje som dei kjøper frå fiskereiarlag og produsentar. Pharma Marine raffinerer oljen og sel den i tønner eller tappa på flasker.
Oljen går til kundar i særleg USA, Europa, Asia og Australia, og som igjen sel og marknadsfører oljen i eigne produkt.
Dei tre produktområda er Calamarine; som er olje basert på blekksprut (squid) med høgt DHA, Codmarine, som er olje med høgverdig omega 3-konsentrat frå torsk, og Lipidmarine, som er olje frå sardinar og ansjos.
Les også:

Ny satsing

Tradisjonelt har dei levert olje berre på store fat, men i2016 investerte dei også i ei line for å tappe på flasker.
- Vi har utvikla eit nytt produkt, basert på omega 3-olje tilsett i olivenolje. Dette er eit produkt som vi lanserar no i første kvartal, sa Gjendemsjø til NETT NO i februar i fjor.
Produktet er ein gourmetolje og som kan brukast til kalde rettar som salatar, dressingar, på brød etc. Oljen kjem med ulike smakar, som kvitløk, chili og basilkum mellom anna.
- Vi har utvikla dette som eit alternativ til å ta omega 3-kapslar eller tran, det er ikkje alle som likar det. Vi har funne ein god olivenoljeprodusent på Kreta og vi jobbar no med å selje inn produkta til fleire kundar.
Kundane vil selje produkta under eigne merkevarer.

Eigarsits

Selskapet hadde 40 tilsette ved årsskiftet.
I tillegg til hovudaksjonæren Leif Kjetil Gjendemsjø, er Omega-3 Invest (bl.a. Midt-Vest-fondene) inne med 16,5 prosent eigarandel og i tillegg har Martin Frostad, Ingjerd H. Lystad og Holding Firm v/Stian Volstad eigarpostar på rundt 2,5 prosent kvar.

Publisert: 19.06.2018 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23