Satsar paa vaskerobotlansering neste aar
NY IDÉ: Frode Håkon Kjølås står bak Optimars suksess med avlusingsanlegg for oppdrettsnæringa. Neste år håpar han å lansere ei automatiske vaskemaskin for fiskeindustrien.
Nytt

Satsar på vaskerobotlansering neste år

Ein vaskerobot for fiskeindustrien kan vere klar i løpet av neste år. Frode Håkon Kjølås har passert første milepæl.

24.02.2017
I Optimar-bedrifta Seaside på Stranda har dei arbeidd eit par år med utvikling av ein robot som kan ta vaskejobben etter at arbeidarane i fiskeindustrien er ferdig med dagens økt.
Like før jul i fjor var forskingsinstituttet Nofima på besøk for å teste første del av nyvinninga, ein robot som vaskar elektrobedøvingsanlegget i eit lakseslakteri.
Nofima målte bedøvingsanlegget før og etter vask, og konklusjonen var positiv. Det blei så reint som det skulle vere.

Må blir større

Bedøvingsanlegget der vaskeroboten er testa er omlag tre meter langt, medan ei full produksjonsline i eit lakseslakteri er cirka åtte meter.
Den innheld innsvømmingskar, bedøvingsanlegg, bløggeanlegg, transportband og utblødingskar. Det er først når vaskeroboten kan handtere heile anlegget at den vil vere kommersiell interessant å ta i bruk, i følgje Kjølås.
I løpet av neste år vonar han utviklinga er komen så langt er vaskeroboten er klar til bruk.

Alliert med Braanaas

Kjølaas har mellom andre allierte seg med lakseoppdrettar Ola Braanaas i Sogn og Fjordane, som skal ta i bruk og teste ut den første versjonen av roboten i sitt lakseslakteri.
Sentral i utviklinga er også doktorgradstudent Lars Giske, som har utvikling av vaskeroboten som del av sitt doktorgradstudie ved NTNU i Ålesund.

Spare folk og forenklar vask

Vasking av eit fiskeindustrianlegg er ein omfattande jobb, som oftast blir gjort på kvelds og nattetid, etter at arbeidet på anlegget er over.
Ein vaskerobot vil redusere behovet for folk til jobben, men Kjølås trur andre fordelar vil vege like tungt når industrien vurderer om den skal gå over til automatisert vasking: Roboten kan gjere jobben heile likt frå gong til gong, den kan også bruke kjemikaliar som ikkje vil vere aktuelle om folk skal gjere jobben, den kan bruk vaskemetodar som tek lenger tid om det er ein fordel, og den kan tørke utstyret betre enn ved manuell vasking.

Treng plass

Ulempa med robotoen er at den treng plass. Ideen er å la den gå på skinner i taket, og det set mellom anna krav til takhøgde som kan vere vanskeleg å tilfredsstille i eldre anlegg.
I og med at det går med mykje vatn i vaskinga blir det ein god del slangar for vatn og kjemikaliar som er kobla til roboten. Det gjer at ei av dei største utfordringane for utviklarane er å finne ut korleis slangane skal tilpassast ein robot som skal bevege seg over eit stort område.

Nye idear

Det er i Seaside-miljøet avlusingsanlegget for oppdrettsfisk er utvikla, eit produkt som har blitt ein stor suksess for Optimar-konsernet etter at det blei lansert i fjor.

Å bli ein del av Optimar var viktig for å løfte fram avlusingsanlegget, Seaside ville ikkje greidd den jobben på eiga hand, seier Kjølås.
Han vil ikkje talfeste kor mykje som er brukt på utvikling av vaskeroboten, men seier det er snakk om fleire millionar kroner, og at det er eit stort utviklingsprosjekt for bedrifta.

Publisert: 24.02.2017 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06