Satsar paa hydrogen til skip
STYRER HYDROGENSATSING PÅ HARØYA: Prosjektleiar Einar Haram (t.v), administrerande direktør Johannes Huse i Sandøy Energi, rådgivar Sol Slinning i Ålesund kommune og styreleiar Nils Magne Abelseth i Sandøy Energi.
Nytt

Satsar på hydrogen til skip

Sandøy Energi vil produsere hydrogen på Harøya.

22.01.2020
Dei fem vindturbinane som i dag står på Harøya skal skiftast ut med fire nye og større, som meir enn doblar kraftproduksjonen. Neste steg er å bygge eit anlegg som kan bruke ein del av krafta til å lage hydrogen, i første omgang med skipstrafikken som kunde.
I 2024 går dagens konsesjon til å ha vindturbinar på Harøya ut, etter 25 år. I løpet av første halvår i år vil Sandøy Vindkraft søke om ny konsesjon, men då for fire større vindturbinar som skal erstatte dagens fem.
Medan dagens turbinar produserer nok straum til 500-600 husstandar, vil dei nye turbinane produserer omlag tre gangar så mykje. Grunnen er at dei både blir større og meir effektive enn dei som står der i dag.

50 millionar

Nye turbinar vil koste omlag 50 millionar kroner, medan eit produksjonsanlegg for hydrogen, basert på dagens kraftproduksjon vil koste i overkant av 30 millionar kroner, anslår styreleiar Nils Magne Abelseth i Sandøy Energi og Sandøy Vindkraft.
I går vart planane på Harøya presentert på eit hydrogenseminar som Møre og Romsdal fylke arrangerte på NMK.

Byggje marknad

Når det eventuelt blir avgjort om det skal byggast hydrogenproduksjonsanlegg på Harøya er ikkje avgjort.
Problemet er at det i dag ikkje er ein marknad for hydrogenet. Sandøy Vindkraft skal arbeide for å utvikle ein marknad, og i første omgang er målet å vinne innpass hos reiarlaga som seglar langs kysten.
Tanken er at skipa skal stoppe på Harøya for å fylle på med hydrogen, anten ved ein fyllestasjon ved djupvasskaia på Harøya eller frå eit tankskip ute på sjøen.

Publisert: 22.01.2020 11:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51