Satsar paa heilaarsdrift ved Petrines
NY DRIVARAR:  Jack Meijne og Martine Rijgersberg tok over drifta av Petrines Gjestgiveri i fjor. Her er dei avbilda på tunet ein solskinsdag. 
Nytt

Satsar på heilårsdrift ved Petrines

Gjestgiveriet i Norddal har fått eit solid ansiktsløft og nye drivarar. Dei satsar på gjestar som blir lengre – og til alle tider av året.

Marius Rosbach
07.07.2019
Overnattingsstaden Petrines Gjestgiveri i Dalsbygda finn du ein avstikkar nokre få kilometer vekk frå den mest populære turistruta i regionen. Då NETT NO tok turen til Norddal denne veka, var det likevel som om vi hadde den vakre bygda for oss sjølv.
I fjor haust kom det nye kostar inn på tunet då Jack Meijne og Martine Rijgersberg tok over drifta på overnattingsstaden med ti rom.
– Det er mykje jobb, men vi likar det, seier Jack då NETT NO møter han – medan Martine må reise for å hente i barnehagen.

Jack fortel at dei vil satse på overnattingsgjestar som vil overnatte ei veke – framfor få dagar. Og gjerne i grupper.
– Det er meir besøk i år, enn i fjor sommar, så får vi sjå.
Dei har alt gjestane treng på huset - med kjøken, frukostsal og restaurant. På menyen forsøker dei å hente så mykje råvarer dei kan frå lokalsamfunnet.

Heilårsbesøk

Paret kjem frå Nederland og det er naturleg å nytte nettverket i heimlandet for å hente inn gjestar. Også Belgia, Frankrike og Tyskland samt andre europeiske land er aktuelle marknader dei har sett seg ut.
Dei har mange idear for korleis dei kan skape meir aktivitet heile året, men er budde på å jobbe for å få det til.
– Nokre trur vi er galne, men vi er sikre på at det er mogleg å drive verksemda året rundt. Sjølv om ikkje alle likar å reise til Norge om vinteren, trur eg mange også vil utforske meir, seier Jack.

Les også

:

Nytt skifertak og nye vindauge

Jack skulle kople av og reise då han hamna i Norddal – og etter kort tid «dukka» moglegheita til å drive Petrines opp. Han har bakgrunn som terapeut og kona Martine har jobba med sal.

– Vi utfyller kvarandre. Vi er begge gode med sal og folk, medan ho kan Instagram, Facebook og slike ting – også er ho god med tal. Eg jobbar på kjøkenet, men er også «the flying dutchman» som er overalt. Til hausten blir det nok ein del måling, seier han og viser opp trappa og korridoren til roma ovanpå.
Roma er enkelt innreidd i stil med alderen til det meir enn 100 år gamle bygget. Med støtte frå Kulturminnefondet, er det investert betydeleg i bygget dei siste åra. Nytt skifertak og nye vindauge i tidsriktig stil er på plass.

Underskott i fjor

Omsetnaden har vore på kring 2,5 millionar dei siste åra, men drifta har gått med små underskott. Det same skjedde i fjor - men det er historie, som Jack seier og no ser dei framover.
Paret trur dei skal klare å skape eit overskottsforetak, men er budde på at dei må bruke nokre år på å kome dit dei ønskjer.
Dei har bestemt seg for å redusere talet på tilsette frå 15 til sju, og nokre færre om vinteren. Sjølv reknar paret med å jobbe lange dagar, men har busett seg med born i nabobygda Eidsdal.

Meir reiseliv:



– Dette er noko anna

Jack fortel at lokalsamfunnet forsøker å jobbe på lag. Petrines Gjestgiveri starta opp som eit «spleiselag» då folk ville lage nytt liv i den tidlegare sjukeheimen, og Visit Norddal er framleis største aksjonær i selskapet.

– Vi er gjerne ein base for gjestar som vil vere ei veke eller meir. Då har dei tid til å oppleve omgjevnadane skikkeleg og besøke fleire stader, seier han.
Herdalssetra som høyrer til verdsarvområde til UNESCO, er kort veg unna. Der er gardsbryggeri og ved ein annan gard lagar dei ost. Turar i fjellet med eller utan ski er sjølvsagte alternativ – eller ein kan reise på båttur med lokale kjentfolk og piknikkurv.
– Då kan gjestane få oppleve stader dei aldri ville oppdaga elles, seier Jack entusiastisk.
Dei fleste turistane i regionen reiser likevel forbi Norddal, på veg til Geiranger eller Trollstigen.
– Med all respekt for dei plassane - dette er noko anna. Om folk berre reiser til Geiranger eller Trollstigen, meiner eg dei ikkje har opplevd det verkelege Norge. Men folk må heller kom hit for å sjå kva det dreiar seg om, lokkar han.

Les også:



Nokre trur vi er galne, men vi er sikre på at det er mogleg å drive verksemda året rundt

Publisert: 07.07.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37