Satsar paa aa bli ferdig til torsdag
GOD STEMNING: Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har vore i arbeid i 42 år og plar gjere seg ferdig med dei årlege forhandlingane om fiskekvotane i Barensthavet i løpet av ei lita arbeidsveke. Delegasjonsleiar Arne Benjaminsen (t.h.) reknar med at forhandlingane går etter skjema også i år. Han opna årets forhandlingsmøte saman med Vasiliy I. Skolov, leiar for den russiske delegasjonen.
Nytt

Satsar på å bli ferdig til torsdag

Forskarane tilrår 13 prosent kutt i torskekvotane i Barentshavet neste år. Delegasjonsleiar Arne Benjaminsen reknar med at forhandlingane om neste års kvote i Barentshavet er ferdig innan torsdag.

15.10.2018
- Normalt så held vi planen, seier Bendiksen.
Saman med den russiske delegasjonsleiaren Vasliliy I. Sokolov har Bendiksen nettopp opna dei årlege forhandlingane om kor mykje det kan fiskast i Barentshavet i 2019.
I år er møtet i den norsk-russiske fiskerikommisjonen lagt til Ålesund og. Rundt 55 personar frå Noreg og Russland deltek i forhandlingane.
Kommisjonen forhandlar om kvotane for torsk, hyse, lodde og snabeluer, der torsk er økonomisk viktigast.

13 prosent kutt

Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) tilrår at det til saman blir fiska 675.000 tonn torsk i Barentshavet i 2019. I år er kvoten 775.000 tonn. Følgjer kommisjonen forskarane sitt råd vil det bety eit kutt på 13 prosent frå i år til neste år.
Frå tidleg på 2000-talet har kommisjonen halde seg til ein regel om å ikkje endre kvotane for torsk med meir enn +/- 10 prosent i året. I 2016 blei regelen endra til +/- 20 prosent endring frå år til år.
Grunnen til endringa var, i følgje Bendiksen, at kommisjonen vurderte det slik at den var for forsiktig med å auke kvotane når torskebestanden var på veg opp.
Frå 2017 til 2018 tilrådde forskarane eit kutt i torskekvotane på 13 prosent, men kommisjonen enda med 13 prosent kutt.

Stabilitet

Leiv Grønnevet har følgd kommisjonen sitt arbeid som leiar for bransje- og arbeidgivarorganisasjonen Fiskebåt, statssekretær i Fiskeridepartementet og leiar for fiskeri- og oppdrettsvirksomheten i Nordea.
Etter at kommisjonen la om til å begrense kor store endringane i kvotene kan vere frå år blei forvaltninga ytterlegare lett å forutsjå for fiskarane, seier han.
- Den er først og fremst prega av stabilitet. Bak ligg ei grunnleggande semje om korleis du skal forvalte bestandane i Barentshavet, seier Grønnevet om arbeidet til kommisjonen.

Prishopp

Då ICES tidlegare i år kom med sitt råd for 2019 spådde sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea at kvotekuttet for torsk blir 13 prosent for neste år.
Samstundes aukar prisen med fem prosent, ventar han.
Prisauken på torsk har løfta torskefisket opp til det mest lønsammm fiskeriet i norsk fiskerinæring.
Egeness anslo seint i fjor at torsketrålaranene fekk ein driftsmargin på i cirka 29 prosent i 2017, medan ringnotflåten endar på mellom 26 og 27 prosent. Ringnotfartøy fiskar fiskeslag som sild, makrell og lodde mens torsketrålarar fiskar torsk, sei og hyse.

Publisert: 15.10.2018 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26