Satsar paa Nordfjordeid
AKTIVITET SKAPER AKTIVITET: Vikikingtidssenteret på Nordfjordeid er den siste tilskotet av tilbod som trekkjer folk til staden. Kjell A. Storeide investerer både i handel og reiseliv i kommunen.
Nytt

Satsar på Nordfjordeid

Tidlegare Stokke-direktør Kjell A. Storeide satsar breitt på Nordfjordeid.

18.05.2019
I førre veke var Storeide med og opna vikingtidssenteret Sagastad, der ein kopi av vikingskipet som vart funne i ei branngrav på Nordfjordeid er den store attraksjonen. Senteret skal både gjere Nordfjordeid til eit turistmål og trekkje enda fleire handlande til Nordfjordeid, sentrum i Eid kommune.

Vikingstadsenteret skal drivast av Sagastad Drift. Der er Storeide styreleiar og medeigar. Han har gått inn med ein halv million kroner gjennom investeringsselskapet sitt, Borgund Industri, og eig 3,77 prosent i selskapet.
- Dette er gjort med hjartet, seier Storeide om investeringa i vikingtidssenteret.

Stor i handel

Like ved Nordfjordeid sentrum er selskapet Lunden Handelspark i ferd med å reise to forretningsbygg. Her er Storeide styreleiar og investor saman med Andor Hovden og H I Giørtz & Sønner.
Han er og medeigar (21,8 prosent) og styreleiar i eigedomselskapet Moengården, som saman med Coop Vest sto for utvidinga av Amfi-kjøpesenteret på Eid og bygginga av bygget som huser Biltema (Biltema kjøpte bygget etter innflytting).
Dei to hotella på Nordfjordeid slo seg saman i eitt driftsselskap i 2016. Begge hotellbygga er eigd av eigedomselskapet Nordfjord Turisthotell, der Borgund Industri eig 40 prosent. Storeide er styreleiar. Den andre store aksjonæren er Jon Olav Lefdal.

Handelsvekst

Butikkutbyggingane på Nordfjordeid har gitt resultat.
- Dei siste åra har Eid hatt ei veldig positiv utvikling i handel, seier Storeide.

Det skuldast delvis at Eid ligg midt i Nordfjord, men og ein veldig aktiv kommune og eit godt samarbeid mellom kommune og private aktørar.
Også eldsjelene bak Opera Nordfjord og musikkfestivalen Malakoff har vore med på å sette Nordfjordeid på kartet og trekkje til seg folk. No kjem altså vikingtidssenteret og cruisetrafikken som det førebels siste tilskotet. Det blir ein snøballeffekt, meiner Storeide:
- Trafikk skaper trafikk og aktivitet skaper aktivitet.
Kommunen har og eit stor elektromiljø.

- Det er mange ting på Eid som eg synes har vore ei godt bevart hemmelegheit, seier Storeide.

Styregrossist

Storeide var leiar for Stokke Gruppen i åra 1990-2004.
I dag er 66-åringen styremedlem i 26 selskap, og styreleiar i 25 av dei. Han er mellom anna styreleiar i Jon Olav Lefdal sine selskap på Nordfjordeid, distribusjonsselskapet Nor Drikk, eigedomselskapet Lefdal Eigedom og investeringsselskapet Lefdal Invest.
Han er og styreleiar i arkitekt og prosjekteringsselskapet Nordplan - med hovudkontor på Nordfjordeid - i Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Slettvoll Møbler, og nestleiar i styret i oppdrettsselskapet Salmar.
Det er mange ting på Eid som eg synes har vore ei godt bevart hemmelegheit

Publisert: 18.05.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35