Satsar og veks med ROV teknologi
LANGEVÅG: Trond Johansen er sentral i både Marinequip og Rovision og opplever at det er god interesse rundt deira løysingar. - Det er mange i bransjen som følgjer med på teknologiutviklinga og produkt som kan forenkle arbeidsoperasjoner, seier han.
Nytt

Satsar og veks med ROV-teknologi

Søsterselskapa Marinequip og Rovision på Sula ligg langt framme på ROV-teknologi retta mot både oppdrett, skip og olje/gass-sektoren. - Vi har fått gode tilbakemeldingar på løysingane våre, seier Trond Johansen. 

Kristin Vidhammer
14.03.2017
Rovision as vart etablert i fjor og har utvikla ein thrusterbasert ROV-notvasker for oppdrettsbransjen.
Den nyutvikla løysinga bidreg til færre skader på nøtene i høve til tradisjonelle notvaskerar og kan dermed bidra til mindre rømming av laks. Samtidig bidreg løysinga til å både redusere vasketida og vassforbruket betydeleg.
Robotvaskaren kan også nyttast til vasking av skipsskrog, arbeidsbåter, fôrflåter etc.

Stor interesse

Sula-selskapet har fått gode tilbakemeldingar på ideen.
- Det er mange i bransjen som følgjer med på teknologiutviklinga og produkt som kan forenkle arbeidsoperasjoner, seier Trond Johansen.
Dei har også blitt kontakta av leverandørar av lukka merder om å kome opp med ei løysing for vasking av deira system.
- I tillegg ønskjer dei at vi skal utvikle ei løysing basert på sugeteknologi for oppsamling av avfall opp til overflata. Vi ønskjer også å få på plass ei slik løysing for tradisjonelle merder, seier han.

Støtte av Innovasjon Norge og Frøy

Ifjor fekk dei 1,4 millioner kroner i skattefunn og IFU-tilskot til utviklinga av robotvaskaren. Dei har også fått 700.000 kroner av Frøy Aqua Service og Frøy Vest, og som er den industrielle partnaren som dei har samarbeidd med i samband med prosjektet.
- Vi har planer om å starte produksjon av robotvaskeren i juni, seier Johansen.
Rovision er eigd av Trond Johansen, Gavin A. Innes, Marinequip as og Lars Erik Aalhus.

Marinequip gasellebedrift i fjor

Trond Johansen er også sentral i selskapet Marinequip, og som han eig (ca. 30 prosent) saman med Cflow (ca. 70 prosent).
Marinequip vart etablert i 2012 og leverer ROV-løysingar, undervannskamera og undervannsbelysning basert på led-teknologi.
Selskapet driv med både salg og service av inspeksjons-ROV og leiger ut arbeids-ROV for boring og festing av ankerboltar. Dei har hatt god vekst sidan oppstarten og var i fjor også ei gasellebedrift. I 2015 var omsetninga 4,4 millioner kroner. Selskapet har no fire tilsette.
- Utviklinga i selskapet har gått radig, og vi har hatt ei dobling av omsetninga kvart år. Vi er no ute etter å tilsette fleire, både ROV-pilotar og folk med automasjonkompetanse, seier Johansen.

ROV-løysingar

Når det gjeld ROV-løysingane, kan dei tilby alt frå små enkle, portable droner som nyttast til inspeksjon av skip og merder og heilt opp til arbeidsklasse ROV som utfører boring av ankerbolter og -fester blant anna.
Marinequip er tidleg ute med sin teknologi, og var også først ute med sine tenester knytta til ROV-boring av ankerbolter.
- Vi har lang fartstid frå olje/gassnæringa og lignande, og vi ser at utstyr ofte er underdimensjonert i høve til arbeidet som skal gjerast. Det er eit stort potensiale for vekst i marknaden, seier Johansen.
Den nyutvikla løysinga bidreg til færre skader på nøtene i høve til tradisjonelle notvaskerar og kan dermed bidra til mindre rømming av laks

Publisert: 14.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07