Satsar fisk droppar ONS
TOPPSJEFANE PÅ STAND: Kleven hadde både styreleiar og konsernsjef på plass på standen på fiskerimessa i år. Også for salsdirektør Arve Solstad (biletet) var det ei ny erfaring å sjølv stille på standen. 
Nytt

Satsar fisk - droppar ONS

Klevenkonsernet toppa laget på årets fiskerimesse i Trondheim denne veka, og har droppa stand på oljemessa ONS i Stavanger.

19.08.2016
Både styreleiar Kjersti Kleven, konsernsjef Ståle Rasmussen og salsdirektør Arve Holstad har bemanna standen til Klevenkonsernet på fiskerimessa Nor-Fishing denne veka. Det er første gangen toppleiarane sjølve har stått på standen, og dei har i tillegg hatt følgje av fleire Kleven-tilsette enn nokon gong, seier salsdirektør Arve Holstad i Kleven.
I går kunne selskapet glede seg av nok ei kontrakt innan fiskeri/oppdrett, og innsatsen på Nor-Fishing speglar at fisk er ein del av satsinga i konsernet.

- Dei rette folka har vore her, seier Holstad om responsen på messa.

Droppa oljemesse i år

Medan olje og offshore for kort tid sidan var alt for Kleven og resten av skipverfta er betydninga av oljebransjen i dag blitt liten. Når den store oljemessa ONS i Stavanger opnar dørene 29. august i år stiller Kleven for første gang så langt Holstad kan hugse ikkje med eigen stand.
- Vi har droppa ONS, seier Holstad.
Avgjerda om å ikkje stille med eigen stand på ONS vart teken i vår.
- Vi så kor svart det såg ut, seier Holstad, men reknar med å vere attende meg eigen stand på neste ONS-messa om to år.

Meir olje

Også Vard har auka innsatsen på fiskerimessa i år. Neste år kjem konsernet sannsynlegvis for første gang også til å stille med eigen stand på oppdrettsmessa Aqua Nor, i følgje brand communication manager Vegar Botn i Vard.
Vard har spesialisert verftet sitt i Aukra inn mot oppdrettsnæringa.
Aqua-Nor og Nor-Fishing blir arrangert annakvart år i Trondheim.
Nor-Fishing auka talet på utstillarar med 25 prosent samanlikna med 2014, til 550, blant anna på grunn av pågang frå bedrifter som tidlegare var retta mot oljebransjen, men som no ser mot fiskerinæringa som eit nytt bein å stå på.

Publisert: 19.08.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59