Satsar 80 millionar kroner paa Fjordlab
HAVROMET: NTNU satsar på eit fullskala Fjordlab-testsenter på Sunnmøre.
Nytt

Satsar 80 millionar kroner på Fjordlab

Som ein del av Ocean Space-satsinga satsar NTNU 80 millionar kroner på Fjordlab-satsinga.

21.06.2018
- Det ligg enorme mulegheiter i denne satsinga for regionalt næringsliv, fastslo instituttleiar Hans Petter Hilde ved NTNU i Ålesund under Fosnavågkonferansen torsdag.
Han opplyste at det skal byggjast opp eit senter der det skal forskast innanfor ei rekkje område.
- Det skal gjennomførast vindmålingar, oceanografiske målingar, fullskala testsenter for navigasjon av AUV-ar og måling av støy.
- Det vert også ein marinbiologisk målestasjon, sa Hildre.

Mykje testutstyr

Som ein del av testinga skal det leggjast ut mykje utstyr. I tillegg trengst det fleire servicefartøy.
- Dette vert stort og viktig, sa Hildre om prosjektet som NTNU og Runde Miljøsenter har tatt initiativet til.
Leif Vartdal ved Rolls-Royce opplyste at selskapet alt har fått mykje kunnskap frå dei oceanografiske databøyer som i dag ligg i Breisundet og Storfjorden.
- Vi har mellom anna lært meir om skipsdynamikk, om utstyr og om skrog.

InnoCurrent

No skal selskapet i gang med prosjektet som er kalla InnoCurrent.
Sentralt i satsinga er frakteskipet Kvitbjørn som får montert utstyr i baugen som kan måle straumforholda i havet..
- Kvitbjørn er allereie eit unikt instrumentert fartøy, som vert endå meir unik når vi ser ned i havromet og loggar straum.
Partnerarar i InnoCurrent-prosjektet er Runde Miljøsenter, NTNU, Nortek, Havforskingsinstituttet, Meteorologisk Institutt og Fjord Shipping
Prosjektet går over tre år og er støtta av Forskingsrådet.

Publisert: 21.06.2018 21:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23