Satsa under nedturen
SATSER: Ulla Maritime leverer kompakte plassinnsparande teleskopiske gangveg-system til skip, og Bjørn Nogva har stor tru på produktløysingane. 
Nytt

Satsa under nedturen

Bjørn Nogva tok sats og etablerte Ulla Maritime i januar i år. – Dersom ein klarer å etablere seg i nedgangstider, viser det eit produkt som har livets rett, seier han.

Kristin Vidhammer
24.12.2016
Som kjent er ikkje den maritime marknaden den enklaste for tida. Ulla Maritime leverer kompakte plassinnsparande teleskopiske gangveg-system til skip, og Nogva har stor tru på produktløysingane.
- Eg gjekk frå ein fast jobb for å satse på dette her, og eg gjekk inn i denne marknaden med vidopne auger. Eg har god tru og gode forventningar til særleg skip til skip-system. Her er det ein global marknad eg gjerne vil ta del i utviklinga av, seier Nogva.


Kjøpte rettane frå tidlegare arbeidsgjevar

Då hans tidlegare arbeidsgjevar skulle restrukturere konsernet og legge ned nokre produktområde, nytta Nogva i fjor høvet til å kjøpe ut rettane til ein portefølje gangveg-løysingar. Som sals- og marknadssjef hos den tidligare arbeidsgivaren, hadde han sett at det var ein marknad for denne typen utstyr. Utviklinga av løysingane hadde pågått nokre år og produkta var også etablert i marknaden.
- Eg såg ei moglegheit til å gjere det, og den moglegheita greip eg med begge hender. Eg starta derfor for meg sjølv for å vidareutvikle produktportefølgjen og marknaden, og eg trur det var rett tidspunkt.
- Klarer ein seg over kneika som den maritime næringa no er inne i, er ein godt posisjonert når oppgangen kjem, seier Nogva.

Ikkje i direkte konkurranse med andre

Ifølgje Nogva er gangveg-løysingane svært kompakte og plassinnsparande både inne i skipet, og ute på skutesida. Løysingane dekker både gangbru frå skip til kai og mellom to skip til sjøs. Bruene er hydraulisk drivne.
- For eit skip som ikkje kan avbryte operasjonen, har dei i dag gjerne brukt helikopter når mannskap skal om bord eller heim. No kan ein legge ut gangveg mellom to skip i staden, og det er ein kostnadsbesparande, effektiv, påliteleg og ikkje minst sikker måte å gjere eit mannskapsskifte på.
Løysingane er ikkje i konkurranse med dei store bevegelseskompenserte gangvegsystema.
- Mine produkt er mindre, billegare og dekker eit anna behov. Dei er ikkje i direkte konkurranse med, og skil seg frå løysingane som andre kjende leverandørar har, seier Nogva.
- Offshore-næringa har sine utfordringar, men eg jobbar no med interessante kundar og marknader innan både offshore, shipping og marinen, for å nemne noko.

Inkubatorbedrift hos ÅKP

Ulla Maritime er med i inkubatorprogrammet til ÅKP, og har kontorstad hos ÅKP på NMK, Campus Ålesund og i Haram.
- Det er ein styrke for nyetablerarar å vere med i ÅKP sitt inkubatornettverket. Eg har også god nytte av Innovasjon Norge, både lokalt og internasjonalt.
Eit lite oppstartsselskap kan ikkje tilsette folk i alle funksjonar, difor har Nogva vald å knytte til seg samarbeidspartnarar innan fleire område og der han leiger inn tenester knytt til økonomi, produktutvikling, engineering, produksjon og montering.
- Slik kan eg fokusere på marknadsutvikling og sal, som er det eg ønsker å fokusere på. Eg har også etablert samarbeid med partnarar og agentar i marknadar og regionar som eg ikkje kan handtere aleine.
Produksjonspartnaren er ein etablert norsk aktør med produksjon i Baltikum. Partnaren innan engineering og utvikling er ein lokal norsk aktør.

For tidleg å seie korleis veksten blir

Kundane er først og fremst skipsverft over heile verda. Men skipsdesignarar, som teiknar nye produktløysingar inn i sine design, spelar ei stor og viktig rolle.
- Når det gjeld omsetning framover, er det for tidleg å anslå når veksten kjem og kor stor omsetninga kan bli. Men det er ein meir positiv trend i marknaden no i haust enn det var før sommaren.
- Ulla Maritime er under utvikling, og målet er fleire tilsette i løpet av nokre år, seier Nogva.
Selskapet har i dag ingen eksterne eigarar, men Nogva er ikkje framand for å ta inn eksterne eigarar på eit seinare tidspunkt dersom det vert vekst og utvikling som krev kapital og ytterlegare kompetanse.
Klarer ein seg over kneika som den maritime næringa no er inne i, er ein godt posisjonert når oppgangen kjem

Publisert: 24.12.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04