Satsa paa karriere som robotane ikkje kan ta
UNNGÅ ROBOTEN: Haakon Riise sikta seg alt på vidaregåande skule inn mot ein karriere der han meinte robotane ikkje kan ta over.
Nytt

Satsa på karriere som robotane ikkje kan ta

Haakon Riise (27) tok konsekvensen av den komande digitaliseringa i arbeidslivet alt på vidaregåande og satsa på sal og marknadsføring. No er han med på å kartlegge korleis arbeidslivet skal sjå ut i framtida.

13.06.2018
- Yrke som krev at det må vere ein person for å gjere jobben kjem til å bli enda viktigare, seier Riise.
Då han gjekk på vidaregåande skule bestemte han seg for at han ikkje skulle ende opp med å bli erstatta med robot.
I dag er han prosjektleiar i Jets, med ansvar for oppfølging av storkundar, etter å ha tatt ein bachelorgrad i handel- og salsleiing ved NTNU i Ålesund. Den jobben fryktar han ikkje robotane tek over.

Sjå inn i framtida

Riise er ein av tre Jets-tilsette som deltek på ei forskingssamling i Øygardshamna på Giske i dag, der konsekvensen av digitaliseringa av arbeidslivet er tema. I alt er rundt 150 yngre arbeidstakar frå næringslivet på Nordvestlandet med på arrangementet og gi sitt syn på korleis dei trur arbeidslivet blir med ny teknologi.

I slutten av artikkelen kan klikke på lenkene og lese kva spørsmål deltakarane har svart på.
Åkp er ansvarleg for prosjektet og NTNU har ansvaret for forskingsarbeidet.

Risikerer tap

Førsteamanuensis Ghulam Mustafa og forskingsassisten Anam Ilyas ved NTNU er fagleg ansvarleg for prosjektet, som skal vere ferdig i haust.
I akademia er det to syn på digitaliseringskonsekvensane seier Mustafa.
Den eine vurderinga er at vi ikkje har anna val enn å tilpasse oss den teknologien som kjem og at det er teknologien som set rammene for tilpassinga.
Den andre vurderinga er at vi kan i stor grad ta styringa over korleis vi organiserer arbeidslivet sjølv når vi tar ny teknologi i bruk.
Mustafa meiner den siste tilnærminga vil gi best resultat både for arbeidstakarane og bedriftene.
Årsaka til den vurderinga er enkel: Om bedriftene overlet styring til teknologien og til dømes utfordrarar almenne norske synspunkt på arbeidstakarrettar og skille mellom arbeid og fritid risikere dei å miste legitimitet, og dermed arbeidstakarar til bedriften som vel å ta større styring over korleis dei tek ny teknologi i bruk.
Yrke som krev at det må vere ein person for å gjere jobben kjem til å bli enda viktigare

Publisert: 13.06.2018 15:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23