Dette er klart etter at dei 44 aksjonærane i World Wide Supply (WWS) måndag kasta korta og overlet selskapet til eigarane av eit obligasjonslån på rundt 1,3 milliardar kroner.
Obligasjonseigarane meinte at det ikkje var nokon verdi att i det Ulstein-baserte offshoreselskapet, men betalte til slutt 15,3 millionar kroner for å overta alle aksjane. Grunnen til dette var at ein frykta verdiar ville gå tapt ved ein konkurs.
Dette er mager trøyst for aksjonærar som gjennom dei to siste emisjonane har betalt inn totalt 394,4 millionar kroner i selskapet, ifølgje dei tal NETT NO har.
Selskapet har hatt mangementet på dei seks WWS-skipa. Fire av skipa ligg no i opplag, og Remøy Management sine managementsinntekter har vorte tilsvarande reduserte.
Adm. dir. Even T. Remøy i Remøy Management seier at selskapet vil få att rundt ein million kroner av investeringa på 42 millionar kroner.
- Vi skulle gjerne hatt dei 42 millionar kronene vi har brukt på World Wide Supply, men dette er no i ferd med å verte historie. No ser vi framover, seier han.
Store tap har også Dønna Invest og dagleg leiar Dag Berfjord med ei samla investering på 31 millionar kroner, medan Ervik & Sævik med dagleg leiar Rita Sævik har satsa 30 millionar kroner på WWS.
Sydvestor-miljøet i Ulsteinvik har vore tilretteleggjar for WWS, og har også hatt den daglege leiinga. Sydvestor har totalt gått inn med 25,3 millionar kroner. I tillegg har Nordvestor Aktiv gått inn med 32 millionar i dei to siste emisjonane. Nordvestor Aktiv eig 70,8 prosent av Sydvestor.
Andre store investorar har vore Frydenbø Invest med 19,1 millionar kroner, Hareid Elektriske med 17,6 millionar kroner, Becker Invest med 15,8 millionar og Gjerde Invest med 14,3 millionar.
Ei rekkje andre investorar har investert fleire millionar kroner i selskapet, mange av desse lokale investorar frå Nordvestlandet.
Total verdi på Petrobras-kontrakten var i utgangspunktet på 975 millionar kroner. I tillegg måtte to andre skip som opererte i spotmarknaden i Nordsjøen leggjast i opplag.
Dermed fekk selskapet problem med å handtere gjeld og kom i brot med lånevilkåra i obligasjonslånet. Obligasjonseigarane har no overtatt selskapet og samla aksjane i selskapet WWS Recovery AS.
Herøy-selskapet Remøy Management har hatt det operasjonalle ansvaret for flåten.
Adm. dir. Even T. Remøy i Remøy management opplyser at selskapet er interessert i å halde fram med managementet på skipa, men at dette må avklarast med dei nye eigarane.
Selskapet WWS Recovery AS har dermed sikra seg samtlege 152.039.137 aksjar i tidlegare World Wide Supply AS.
Obligasjonseigarane meinte at det ikkje var nokon verdi att i det Ulstein-baserte offshoreselskapet, men betalte til slutt 15,3 millionar kroner for å overta alle aksjane. Grunnen til dette var at ein frykta verdiar ville gå tapt ved ein konkurs.
Dette er mager trøyst for aksjonærar som gjennom dei to siste emisjonane har betalt inn totalt 394,4 millionar kroner i selskapet, ifølgje dei tal NETT NO har.
Får att ein million av 42 millionar
Herøy-selskapet Remøy Management var i utgangspunktet største aksjonær med 13,6 prosent av aksjane etter først å ha satsa 36 millionar kroner på WWS. I juni i fjor gjekk selskapet inn med ytterlegare seks millionar koner gjennom å konvertere aksjonærlån til aksjar. Samla investering kom dermed opp i rundt 42 millionar kroner.Selskapet har hatt mangementet på dei seks WWS-skipa. Fire av skipa ligg no i opplag, og Remøy Management sine managementsinntekter har vorte tilsvarande reduserte.
Adm. dir. Even T. Remøy i Remøy Management seier at selskapet vil få att rundt ein million kroner av investeringa på 42 millionar kroner.
- Vi skulle gjerne hatt dei 42 millionar kronene vi har brukt på World Wide Supply, men dette er no i ferd med å verte historie. No ser vi framover, seier han.
Store tap
Men Remøy Management er langtfrå åleine med store tap. Aller størst tap har Larvik-baserte Lundhs Labradoreksport, som totalt har investert 46,2 millionar kroner i World Wide Supply.Store tap har også Dønna Invest og dagleg leiar Dag Berfjord med ei samla investering på 31 millionar kroner, medan Ervik & Sævik med dagleg leiar Rita Sævik har satsa 30 millionar kroner på WWS.
Sydvestor-miljøet i Ulsteinvik har vore tilretteleggjar for WWS, og har også hatt den daglege leiinga. Sydvestor har totalt gått inn med 25,3 millionar kroner. I tillegg har Nordvestor Aktiv gått inn med 32 millionar i dei to siste emisjonane. Nordvestor Aktiv eig 70,8 prosent av Sydvestor.
Odfjell-satsing
Ein annan stor investor er Bergen-baserte J. O. Odfjell, som satsa 22,5 millionar kroner i ein emisjon i juni i fjor. Då vart det henta inn 130 millionar kroner til ein emisjonskurs til ei kroner aksjen. Dette var ein tolvtedel av opphavleg kurs, og vart sett på som ei lukrativ investering. Slik skulle det ikkje gå.Andre store investorar har vore Frydenbø Invest med 19,1 millionar kroner, Hareid Elektriske med 17,6 millionar kroner, Becker Invest med 15,8 millionar og Gjerde Invest med 14,3 millionar.
Ei rekkje andre investorar har investert fleire millionar kroner i selskapet, mange av desse lokale investorar frå Nordvestlandet.
Fekk skip blokkerte
Dei store problema for World Wide Supply starta etter at to av selskapet sine fire skip vart blokkerte i Brasil av brasiliansk flagga skip. Dette førde til at ein langtidskontrakt med Petrobras vart terminert.Total verdi på Petrobras-kontrakten var i utgangspunktet på 975 millionar kroner. I tillegg måtte to andre skip som opererte i spotmarknaden i Nordsjøen leggjast i opplag.
Dermed fekk selskapet problem med å handtere gjeld og kom i brot med lånevilkåra i obligasjonslånet. Obligasjonseigarane har no overtatt selskapet og samla aksjane i selskapet WWS Recovery AS.
Vil ha managementet
Dei seks skipa var bygde ved hollandske Damen sitt skipsverft i Galati i Romania. Skipa er av typen Damen PSV 3300 CD og er 80,10 meter lange, 16,20 meter breie og har eit dekk på 720 kvadratmeter.Herøy-selskapet Remøy Management har hatt det operasjonalle ansvaret for flåten.
Adm. dir. Even T. Remøy i Remøy management opplyser at selskapet er interessert i å halde fram med managementet på skipa, men at dette må avklarast med dei nye eigarane.
Ja frå 100 %
I ei vert det opplyst at 100 prosent av aksjeeigarane har sagt ja til det nye opplegget.Selskapet WWS Recovery AS har dermed sikra seg samtlege 152.039.137 aksjar i tidlegare World Wide Supply AS.
Vi skulle gjerne hatt dei 42 millionar kronene vi har brukt på World Wide Supply
Publisert: 22.12.2015 11:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51






