Sandven avtale i Ulsteinvik
BRUKT: Samarbeidsavtale gjer at Jaguar og Land Rover har dukka opp hos bilhandlar Frank Hofseth i Ulsteinvik. 
Nytt

Sandven-avtale i Ulsteinvik

Bilhandlarane Trond Sandven i Bergen og Frank Hofseth i Ulsteinvik har gått i kompaniskap.

17.11.2017
Trond Sandven er på utkikk etter lokale for ein Jaguar-og Land Rover-forhandlar i Ålesund, men er allereie etablert på Nordvestlandet i bruktmarknaden for dei britiskproduserte bilmerka.
Sandven British Cars Bergen og Bilhallen Ulsteinvik skreiv for fire veker sidan under på ein samarbeidsavtale som gjer at Bilhallen Ulsteinvik no kan selje brukte Jaguar- og Land Rover-modellar.

God respons

- Det har vore veldig god respons og alle bilane har vore mykje ute på prøve. Det er noko nytt for veldig mange, og tilbakemeldingane vi har fått har vore veldig positive, seier Hofseth.
Neste år kjem Jaguar med sin første elektriske bil, I-Pace. Den blir også å finne i Ulsteinvik, men sidan det er ein ny bil er det Sandven British Cars som er forhandlar og Bilhallen Ulsteinvik har ei agentrolle.

Slutt med Toyota

Hofseth slutta i 2014 i bilbransjen etter 26 år for å bli seljar hos maling- og reingjeringsmiddelleverandøren Westing i Herøy.
Då han slutta som bilhandlar var hanleiar for Toyota Ulsteinvik, som seinare vart lagt ned, etter at Bragekonsernet bestemte seg for å samle verksemda på Søre Sunnmøre i Ørsta.
Men bildilla slapp ikke taket, og i februar 2016 blei Bilhallen Ulsteinvik skipa, med Hofseth, Jan Arild Bjåstad og Geir Eilertsen som dei tre største aksjonærane.
Bilane i butikken er alle brukte, om enn med hovudvekt på nyare bruktbilar.
2016 enda med underskot på cirka ein halv million. Både i fjor og i år har selskapet tatt ekstraordinære kostnadar i samband med oppgradering av lokala, men i år blir det likevel eit lite overskot og over 40 millionar kroner i driftsinntekter.

Publisert: 17.11.2017 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15