Sanco aukar flaaten
SEISMIKK: Atlantic Explorer har skifta namn til Sanco Atlantic, og startar fredag arbeidet for Gjerdsvik-reiarlaget Sanco Shipping.
Nytt

Sanco aukar flåten

Gjerdsvik-selskapet Sanco Shipping har kjøpt seismikkskipet Atlantic Explorer frå PGS.

16.11.2017
Båten er døypt om til Sanco Atlantic, og vil gå i arbeid for PGS (Petroleum Geo Services) frå fredag av.
- Vi gjer dette fordi det er ein god båt, i tillegg til at vi trur seismikkmarknaden gradvis vil betre seg.
- I alle fall vert 2018 betre enn 2017, seier Sanco-direktør Ivar Slettevoll.

- I god stand

Sanco Atlantic er 91,3 meter lang og 17,4 meter brei. Båten vart bygd ved Th. Hellesøy Skipsbyggeri i 1987.
- Ja, det er ein eldre båt, men han er fulstendig ombygd og er i svært god stand, seier Slettevoll.
Marknadspris, svarar han på spørsmålet om pris.
- Men vi trur det ligg ei god forretningsmulegheit for oss i dette kjøpet.
Båten ligg no ved kai i Las Palmas, men skal i arbeid for PGS utanfor kysten av Vest-Afrika.

Overtek mannskapet

Om bord er det eit mannskap på rundt 20 personar på kvart skift.
- Så godt som alle har sagt ja til å vere med over i Sanco Shipping, seier Slettevoll.
Etter det siste båtkjøpet har Gjerdsvik-reiarlaget åtte seismikkskip og støttefartøy for seismikk.
Fire av skipa er i arbeid for PGS.
Vi trur det ligg ei god forretningsmulegheit for oss i dette kjøpet

Publisert: 16.11.2017 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16