Samlokaliserer i nybygg paa Digernes
NYBYGG: Petter Leon Fauske, administrerande direktør for MMC First Process AS og Geir Johan Bakke, administrerande direktør for Havyard Group ASA. Bildet i bakgrunnen ei 3D-teikning av korleis det nye anlegget vil sjå ut.
Nytt

Samlokaliserer i nybygg på Digernes

50 tilsette frå Sjøholt og Vigra får ny arbeidsplass på Digernes når MMC First Process samlokaliserer og byggjer nytt.

21.06.2018
- Vi må få fullt utbyte av den viktige og gode kompetansen på tvers i fagmiljøa. I dag sit fagområda Kulde og Prosess litt for langt unna kvarandre og det blir utfordrande å få til det samarbeidet vi ønsker.
Dette seier adm. dir. Petter Leon Fauske i MMC First Process i ei pressemelding.
Selskapet har no skrive kontrakt om bygging av eit nytt anlegg på Digernes, der bedriftene på Vigra og Sjøholt vil verte samlokaliserte under same tak.
- For å kunne vere den mest komplette og leiande leverandøren innan fiskehandtering i marknaden er dette eit viktig steg vidare, seier Fauske.

Klar til 1. oktober 2019

Selskapet opplyser at det nye anlegget på Digernes vil romme 60 kontor og ha ein stor felles produksjonshall.
I lokala vil det vere plass til dei 50 tilsette på Vigra og Sjøholt, samt gode lokalitetar til samhandling på tvers av lokasjonane.
Bygget skal stå klart innan 1. oktober neste år.
Ved MMC First Process sitt anlegg i Fosnavåg arbeider det i dag rundt 80 personar, og MMC First Process har i tillegg ei serviceavdeling innan kuldefaget i Haugesund.
Totalt arbeider det 143 tilsette i det samanslåtte selskapet, og selskapet opplyser at ordrereserven no er på 380 millionar kroner.

Publisert: 21.06.2018 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23