Samlar administrasjonen i Ulsteinvik
ULSTEINVIK: Dagleg leiar Joar Gjerde i Frøy Vest samlar administrasjonen i Ulsteinvik etter nytt oppkjøp.
Nytt

Samlar administrasjonen i Ulsteinvik

Frøy Vest veks, og samlar administrasjonen på Stålhaugen i Ulsteinvik.

09.01.2019
- Planen er å samle administrasjonen frå datterselskapa i Ulsteinvik, altså å auke antal arbeidsplassar her.
Det seier dagleg leiar Joar Gjerde i Frøy Vest.
Frøy Vest og Frøy Vest Rederi driv med servicearbeid inn mot havbruksnæringen, samt dykkerinspeksjonar.
Onsdag opplyste Frøy Vest at ein hadde kjøpt det Haugesund-baserte selskapet Stava Sjø.

I februar i fjor vart dykkerselskapet Seadive i Bergen kjøpt, og målet er å vekse vidare.

180 tilsette

Etter det siste oppkjøpet har Frøy Vest og søsterselskapet Frøy Vest Rederi rundt 230 millionar kroner i årlege driftsinntekter, 180 tilsette og 27 farty.
Frøy Vest har også driftsansvar for fire større båtar som ligger under selskapet Frøy Akvaressurs.
Joar Gjerde seier at i datterselskapa Stava Sjø og Seadive vil det berre vere operasjonell drift, medan administrative tenester vert lagde til Ulsteinvik.
I dag er det seks tilsette i administrasjonen i Ulsteinvik og fire tilsette i Måløy, der selskapet har teknisk base.
I tillegg til Måløy, har selskapet basqr i Toftøy (Bergen), Gulen i Sogn, Liareid (utanfor Haugesund) og Ålesund.
Frøy Vest er eitt av dotterselskapa i Frøy-gruppen som er eigd av Gåsø Næringsutvikling. Dette er eit lokalt familieeigid selskap med fokus på eigedom, marin og maritim verksemd.
Selskapet har hovedsete på Siholmen ved Sistranda, som er kommunesenteret på Frøya i Sør-Trøndelag.

Publisert: 09.01.2019 14:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30