Samla til tjuvstart for Skaparhuset
IDEDUGNAD: Måndag blei lokala til Skaparhuset i Ulsteinvik teke i bruk for første gong då folk frå næringsliv, akademia og kommunen var samla for å kome med innspel til kva møteplassen skal innehalde.
Nytt

Samla til «tjuvstart» for Skaparhuset

– Vi håpar å skape ein plass som både skule, næringsliv og kommune kan bruke, fortel prosjektleiar Kjersti Kleven om den komande møteplassen.

Marius Rosbach
02.12.2019
Måndag samla ein rekke aktørar seg til ein slags tjuvstart for Skaparhuset i Ulsteinvik. På gateplan i Sjøgata, der kaffebar- og klesbutikken Æra tidlegare heldt til, kjem det i løpet av kort tid ein ny møteplass som ønsker å vere ein verkstad for læring og innovasjon med aktivitet tidleg og seint.

– Vi håpar å skape ein plass som både skule, næringsliv og kommune kan bruke, fortel prosjektleiar Kjersti Kleven.
Ho meiner tidspunktet er rett i høve den nye fagplanen som blir teke i bruk i skulane frå neste haust:
– Skulane i Ulstein er samtidig mellom dei som har kome lengst i landet med å ta i bruk teknologi i skulen, i samarbeid med Høgskulen i Volda, påpeiker Kleven.
Prosjektleiaren viser til at også kommunen kan vere ein brukar gjennom auka behov for innovasjon, ikkje minst i eldreomsorga.

Samla for å gi innspel

Ulike formar for møteplassar som rettar seg mot gründerar, studentar og næringsliv har kome til fleire plassar. Gjennom Skaparhuset vil dei favne breiare og iniativtakarane meiner kombinasjonen er unik i norsk samanheng.
Måndag var folk frå næringsliv, utdanningsinstitusjonar og kommunen samla til idedugnad for å finne ut meir om kva samlingspunktet skal innehalde. Kleven fortel at dei vil ha svar på kva dei ulika brukarane ser føre seg er behovet – og kva dei kunne tenke seg å bruke ein slik arena til. At lokale ligg sentral er også viktig.
– Det skal vere gangavstand frå skulane i sentrum og kort veg for dei som kjem frå krinsane med buss. Det skal også vere lett tilgjengeleg for andre brukarar og samtidig vere del av eit levande sentrum, fortel Kleven.

Les også:



– Ein plass for talentutvikling og rekruttering

I ei tid der yrkesutdanningane ved – delvis grunna låge søkartal - er ein del av diskusjonen om ein skal utdanne ungdom til det dei vil gjere, eller det næringslivet har behov for.
– Det er ein utfordrande balanse, men vi trur dette kan vere ein arena der næringslivet kan gjere undervisninga meir relevant. I ei tid då bedriftene i mindre grad er opne for ungdom, så kan dette vere eit treffpunkt der ein også får synleggjort kva for jobbar som finst. Slik kan ein kanskje håpe på at matchen mellom kva ungdom ønskjer, og kva som er mogleg, blir betre, seier Kleven.
Ho peiker på at mange unge har stor kunnskap – gjerne på smale felt – men som dei ikkje er klar over at bedrifter har behov for.
– Næringslivet ser også dette som ein plass for talentutvikling og rekruttering. Ungdomen ser kanskje ikkje heilheita, men det gjer gjerne bedriftene, seier Kleven.

Fekk nyleg pengestøtte

NCE Ikuben har teke initiativ til Skaparhuset-prosjektet saman med Ulstein kommune. Kommunen har i skulen og arrangerer mellom anna kodeklubb for skuleelevar. Med Skaparhuset ønsker dei ei større samansmelting mellom skule og arbeidsliv.
Prosjektet i fylkeskommunale midlar og frå Sparebanken Møre.
Ikuben har også med seg Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), Protomore, Høgskulen i Volda, Maritim Forening for søre Sunnmøre (Mafoss), Ulstein næringsforum og Ulstein vidaregåande skule som på ulike vis har forplikta seg til å bidra i arbeidet.

Les også:




I ei tid då bedriftene i mindre grad er opne for ungdom, så kan dette vere eit treffpunkt der ein også får synleggjort kva for jobbar som finst

Publisert: 02.12.2019 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46