Samarbeidet mellom skulane og NTNU har blitt mykje betre
KONFERANSE: «Ocean Industry School» bad tysdag inn til konferanse med der tverfagleg samarbeid og berekraft var tema. Frå venstre: Karen Topphol frå Ulstein vidaregåande, Hilde Kristin Aasgaarden frå Haram vidaregåande, Helene Hanken frå Spjelkavik vidaregåande og Jon Ivar Håvold ved NTNU Ålesund.  
Nytt

– Samarbeidet mellom skulane og NTNU har blitt mykje betre

Tre vidaregåande skular som deltek i «Ocean Industry School», meiner arbeidet gjer dei betre til å gi elevane kunnskapen bedriftene har behov for.

Marius Rosbach
26.02.2020
Gjennom «Ocean Industry School»-prosjektet hjelper vidaregåande skular elevar til å sjå karrieremoglegheiter i kyst- og havbaserte næringar. Samtidig kan NTNU og næringslivet sikre seg at elevane kjem til dei med den rette kunnskapen.
– Det starta med at vi ville vise elevane våre kva for moglegheiter som finnest i regionen. Vi opplever framleis at mange elevar tenker at dei skal reise ut og utdanne seg andre stader. Om dei gjer det, så vil vi iallfall at dei skal vite at det er arbeid til dei her når dei er ferdige, fortel Helene Hanken frå Spjelkavik vidaregåande til NETT NO.
Hanken var mellom dei som starta opp prosjektet, som tysdag samla lærarar, leiarar og andre frå lokalsamfunna ved Smart City Lab-en ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). Også Ulstein og Haram vidaregåande skuler er med i samarbeidet.
Ideen og initiativet spring ut frå arrangementet Ocean Talent Camp, og skulane samarbeider med NTNU Ålesund. Det er ikkje snakk om eit eige utdanningstilbod, men om å trekkje næringslivet inn i alle fag, frå språk til mekanikk.

Betre samarbeid og betre kunnskap

Avdelingsleiar Hilde Kristin Aasgaarden ved Haram-skulen fortel at det har vore fruktbart å ha ein slik formalisert kontakt med næringslivet, som ikkje er avhengig av enkeltpersonar.
– Det ligg ei forplikting i dette og vi har dei same måla. Samarbeidet mellom skulane og NTNU har blitt mykje betre. Det er enklare å ta ein telefon og få folk frå bedriftene til oss, eller ta med elevar ut på besøk, fortel ho.
Ho fortel at kunnskapen dei skuletilsette får, gjer dei betre i stand til å gi eit meir konkret innblikk i kva for yrker og roller som finnest i dei ulike bedriftene.

Les også:



– Skulle ønske at vi visste meir

Professor Jon Ivar Håvold ved NTNU Ålesund meiner det er viktig at dei unge får ein smidig reise gjennom systemet.
– Vi skulle ønske at vi visste meir om kva kunnskap elevane kjem med til oss, slik at vi klarer å få flest mogleg av studentane gjennom studiet og vidare i arbeidslivet, seier han.
– Tidlegare har vi ikkje vore flinke til å dra med oss dei ulike utdanningsinstitusjonane. Dette samarbeidet er eit av dei prosjekta som gjer at vi kan knyte betre kontakt mellom NTNU og skulane, legg Håvold til.
Prosjektet har arrangert årlege konferansar ved hjelp av midlar frå Sparebanken Møre. Tverrfagleg samarbeid og berekraft var tema for samlinga denne gongen.

Mange tenkjer for lite praktisk

Deltakarane på samlinga tysdag fekk mellom anna høyre at mange av dei unge har eit litt for teoretisk haldning til kunnskapen dei har fått.
– Der meiner eg fagfornyinga med nye læreplanar frå hausten av, er mykje av svaret, seier avdelingsleiar Karen Topphol ved Ulstein vidaregåande.
Ho trur elevane vil ha godt av å utfordre seg sjølv og bruke det dei har lært på nye måtar.
– Elevane som kjem frå vidaregåande skule til NTNU, er på eit vis våre råvarer eller kundar. Jo flinkare og meir eigna elevane er når dei kjem inn, jo betre blir resultatet. Då bidreg vi også til å skape eit konkurransedyktig næringsliv, påpeiker Bjørn Magne Hatlø ved NTNU Ålesund, som har vore nestleiar for prosjektet.

Les også:



Analyse:


Tidlegare har vi ikkje vore flinke til å dra med oss dei ulike utdanningsinstitusjonane. Dette samarbeidet er eit av dei prosjekta som gjer at vi kan knyte betre kontakt mellom NTNU og skulane

Publisert: 26.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53