Samarbeid om lutefisk sal
Nytt

Samarbeid om lutefisk-sal

Lutefiskeprodusenten Per Stave går i samarbeid med salsselskapet Finefish.

20.10.2016
- Dette er ein god måte å gjere det på, seier dagleg leiar og eigar Rune Stave i Per Stave as på Stadlandet.
No skal fiskesal-selskapet til Ole Sande og Gjermund Bringsvor, Finefish i Fosnavåg, ta over mykje av sals- og innkjøpsarbeidet for Stave. Selskapet skal og ta seg av ein del av det øvrige administrasjonsarbeidet for Stave.
Sande og Bringsvor eig og fiskemottaket Sandefisk på Sandsøya i Sande kommune, og arbeider for ytterlegare vekst for Finefish.
Finefish sine kundar etterspør produkta frå Stave og samarbeidet med Stave gir Finefish eit nytt bein å stå på, seier dagleg leiar Ole Sande.

Lutefisk-spesialist

Rune Stave har spesialisert seg på lutefisk og Stave vil framleis vere med i salsarbeidet, men målet er at Finefish etterkvart skal ta over meir og meir av jobben.
Det heng mellom anna saman med at Per Stave er ei lita bedrift, med 12 tilsette (14 i toppsesongen), der Rune Stave er åleine i administrasjonen, med unntak av hjelp til reknskapsføringa.
Det er eigenprodusert lutefisk forbrukarar flest kjenner til frå Per Stave as, men selskapet eksporterer og tørrfisk av lange, der svenske og finske lutefiskprodusentar er viktigaste kunde, og tørrfisk til hundefôr. Å kome inn i kjæledyrmarknaden er og eit poeng med samarbeidet, seier Sande i Finefish.

På retur hos söta bror

Medan det norske lutefiskeforbruket held seg på eit stabilt høgt nivå, stig gjennomsnittsalderen på den svenske lutefiskfansen og forbruket går ned. Det har gjort at eksporten frå Per Stave as til Sverige er halvert på ti år, i følgje Rune Stave.
I dag er det berre to selskap att i Noreg som eksporerer råstoff til dei svenske lutefiskeprodusentane, seier han.

Publisert: 20.10.2016 16:10

Sist oppdatert: 12.04.2021 09:31