Nytt
Samanslåing på plass
Samlinga av Havyard MMC og First Process er formelt på plass.
14.11.2017
Frå og med i dag er fiskeindustri- og oppdrettsindustri-utstyrsleverandøren MMC First Process er faktum.
Dei to selskapa underskreiv ein intensjonsavtale om samanslåing ved månadsskiftet februar/mars i år. No er samlinga gjennomført.
Havyard Group ASA eig 75 prosent i det nye selskapet, First Process Holding resten.
- Selskapa våre utfyller kvarandre når det gjeld kompetanse, produkt og marknad. Og vi kan no levere større og meir komplette utstyrspakkar enn det vi gjer i dag, sa Leif Gjelseth og Petter Leon Fauske i ei pressemelding då intensjonsavtalen blei offentleggjort.
Poenget med samanslåinga er mellom anna å styrke seg i konkurransen med Optimar, som er resultatet av ei samanslåinga av Optimar, Peter Stette og Seaside.
Målet er å bli vere ein komplett leverandør, både til pelagisk fiskeindustri, kvitfiskindustrien og oppdrettsnæringa. I første omgang landindustri målet, men etterkvart også fabrikkanlegg ombord i båtar.

Publisert: 14.11.2017 15:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15