Sal sikrar kvoter til nybygga
NYE BÅTAR PÅ VEG: I løpet av året får Ervik-reiarlaget to nye båtar frå Tersan-verftet i Tyrkia som får namna MS Frøyanes Junior og MS Vestkapp. Båtane skal fiske i norske farvatn og konserndirektør Stig Ervik (innfelt) fortel at dei sel båtar for å sikre kvotar. 
Nytt

Sal sikrar kvoter til nybygga

Rekordhøge inntekter og driftsresultat, nye båtar og hotellsatsing; det skjer mykje i Ervik-reiarlaget om dagen. Men nye kvoter får dei ikkje tak på.

Marius Rosbach
25.07.2019
Ervik Havfiske Holding driv eit av verdas største linebåtreiarlag frå Stadlandet, og kan notere at 2018 vart det tredje året på rad med svært gode økonomiske resultat.
Rekneskapen for holding-selskapet er levert, men ikkje offentleg enno. Konserndirektør Stig Ervik kan fortelje at det vart ny rekord både på omsetning og driftsresultat (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
– Vi er godt nøgde og har hatt tre svært gode år. Vi ser også at 2019 vert eit ok år, fortel han til NETT NO.

Samanslåing bidrog positivt

Driftsinntekter på 813 millionar er ei solid auke frå 2017, då dei enda på knappe 600 millionar. Noko av årsaka er at i løpet av fjoråret.
– Vi fekk inn ein båt med kvote frå Carisma, som har bidrege til auken, fortel Ervik.
Driftsresultatet på 163 millionar er også det beste i reiarlaget si historie. At ikkje resultat før skatt enda opp på same nivå har å gjere med auka finanskostnader.
– Vi fekk to nybygg i 2018 som ga oss auka kostnader, i tillegg fekk vi større kostnad som følgje av valutalån og svingingar i valutakursar, forklarar konserndirektøren.

Vanskeleg å få kvoter

I fjor til to nye båtar i norsk farvatn. Det har viste seg å vere vanskeleg.
– Nei, vi har ikkje fått kjøpe kvoter fordi det ikkje er nokon som vil selje, seier Ervik.
Reiarlaget kvittar seg difor med to fartøy, for å sikre kvote til dei to nybygga som skal vere klare mot slutten av året. Ervik har ved Tersan-verftet i Tyrkia.
– Vi seljer ut to båtar, slik at vi kan bruke kvotene på dei nye båtane, fortel han.
Førebels er linebåten Keltic selt til Koralfjord i Brattvåg. Det betyr at Ervik Havfiske har åtte autolinebåtar i drift i Norge, og til saman har 14 båtar som dei eig heilt, eller delvis.

Les også:



Hotellsatsing på nær 80 millionar

Gode tider gir rom for å investere på andre område enn fiskeri. Etter at hotellet på Selje brann ned, har det vore behov for meir overnattingskapasitet i området. Difor har selskapet satsa nærare 80 millionar på å bygge eit hotell på Leikanger.

– Det er jo ingen normale folk som bygger hotell her ute, men vi hadde både kundar og tilsette som trengde overnatting, fortel Stig Ervik.
Det første byggetrinnet er allereie teke i bruk. Det er kalla Furebuda og inneheld 12 rom. Neste byggetrinn får namnet Hoddevikbuda. Bygget er no tett og klart for inndeling innvending. Til saman vert nybygga på kring 1500 kvadratmeter.
– Her kjem det 20 rom og eit større lokale ein kan nytte til konsertar, konferansar eller andre ting. Vi reknar ikkje med å tene pengar dei første åra, men vi ser at turistnæringa er i vekst. Samstundes er det eit godt tilbod for lokalbefolkninga, påpeiker Ervik.
Planen er at alt skal vere klart til desember då reiarlaget skal ha to båtdåpar.
– I tillegg kjem julebordsesongen, så vi reknar med at det blir ein pangstart, seier han.

Planlegg generasjonsskifte

Ervik Havfiske Holding er eigd 50/50 av tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik. Men dei erkjenner at dei nærar seg alderen for at yngre krefter skal ta over.
– Både eg og Kjell Magne har søner som allereie har jobba i reiarlaget i mange år, men no er dei meir inne i drifta på kontoret. I tillegg har vi yngre folk som er på veg inn på båtane. Det er ei kjempepositiv utvikling, avsluttar Ervik.

Les også:



Det er jo ingen normale folk som bygger hotell her ute, men vi hadde både kundar og tilsette som trengde overnatting

Publisert: 25.07.2019 15:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37