Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Saferoad blei inga gullgruve for svenskane

PÅ BØRS: Vik Ørsta er det viktigaste og største selskapet i Saferoadkonsernet, som neste veke blir eit børsnotert selskap. Konsernet har investert i automatisering og robotisering i Vik og Ørsta for å auke kapasiteten. Her er den nyaste sveiseroboten til Vik Ørsta i arbeid. Vik Ørsta har levert overskot i alle år, men ikkje nok til å hindre konsernet i å slite med underskot. 

Saferoad blei inga gullgruve for svenskane

Dei tidlegare eigarane av Saferoad hadde grunn til å gni seg i hendene då eit investeringsfond i det svenske Nordic Capital-systemet kjøpte dei ut i 2008. Les kva dei tidlegare eigarane fekk betalt.

- Eg trur aksjonærane er svært godt nøgde, sa dåverande konsernsjef Jon Erik Engeset i Saferoad til Sunnmørsposten etter at fondet hadde kjøpt selskapet i 2008.

Prisen blei ikkje opplyst, men Engeset hadde rett. Eigarane var nøgde. Så langt er kjøparane er neppe like nøgde.

Gevinst på 88 millionar kroner
Investeringselskapet Erling Tvete as på Lillehammer sat med 4,9 prosent av Saferoad-aksjane ved utløpet av 2007. Då 2008-reknskapen for Erling Tvete as kom viste det at aksjeposten var seld med ein gevinst på 88 millionar kroner. Tvete var tidlegare medeigar i Euroskilt, like ved Lillehammer.

FEKK GEVINST: Ulsmo, med Ingerid og Gunvor Ulstein (biletet) blant eigarane, fekk att meir enn tre gongar innsatsen på Saferoadinvesteringa.

Ei samanslåing av Euroskilt og Ørsta Stålindustri la grunnlaget for det som i dag er det internasjonale Saferoad-konsernet, og Erling Tvete as hadde ein svært låg kostpris på aksjane. Storparten av salssummen var gevinst, noko som tilseier at Nordic Capital-fondet betalte minst 1,8 milliardar kroner for heile Saferoad-konsernet. 

Saferoad lagar autovern, lysmaster, fjellsikringhsboltar og anna veg- og tunnelsikringsutstyr, med Vik Ørsta som den største og mest lønsame delen av konsernet.

God investering
For Ulstein-familiens investeringsselskap Ulsmo vart og Saferoad god butikk. Selskapet eigde 5,4 prosent av selskapet ved salet. Aksjane var bokført til 27 millionar kroner. Gevinsten kjem ikkje fram i 2008-reknskapen, men ut frå informasjonen i Erling Tvete as-årsmeldinga fekk Ulsmo knappe 100 millionar ved salet, ein verdiauke på 3,5 gangar investeringa.

"Styret er tilfreds med utfallet", er kommentaren i Ulsmo-årsmeldinga i for 2008.

Minus-investering
No skal Saferoad bli eit børsnotert selskap. Målet er å vere børsnotert frå og med 24. mai. Fristen for å teikne seg i kapitalutvidinga på 1,4 milliardar kroner er mandag 22. mai klokka 14.00, men alt 16. mai var det klart at emisjonen blir overteikna.

PÅ BØRS: Morten Holum tok over som konsernsjef på slutten av 2015.

Les også: Overteikning i Saferoad

Selskapet anslår i prospektet at Saferoad blir verdsett til mellom 2,3 og 2,6 milliarder kroner, etter kapitalutvidinga. Utan kapitaltilførselen er verdien mellom 0,9 og 1,3 milliardar kroner. Det er minst ein halv milliard mindre enn fondet kjøpte Saferoad for. 

I tillegg kjem at fondet i 2012/13 gjorde om aksjonærlån til eigenkapital og tilførte ny kapital, i følgje Sunnmørsposten. Det gjorde at eigenkapitalen var styrka med omlag 1,2 milliardar svenske kroner (cirka 1,1 milliardar norske kroner).

Langsiktig eigar
Investeringa i Saferoad er så langt neppe noko Nordic Capital vil sette på skrytelista når det gjeld inntening.

Men fondet har vore ein tolmodig eigar, i alle fall utad. Ved kjøpet vart det anslått at fond av denne typen satsa på å utvikle selskap og selge dei med god forteneste etter fem til sju år.

No har det gått ni år, og i dotterselskapet Vik Ørsta har konsernet dei siste år investert mykje i å auke både produksjon og produktivitet. Vik Ørsta er det viktigaste og største selskapet i konsernet. Det har levert overskot i alle år, men ikkje nok til å hindre konsernet i å slite med underskot. 

Les også: Doblar produksjonen, halverer arbeidstida

Kuttar gjeld
Pengane frå kapitalutvidinga skal gå til å nedbetale gjeld og kjøpe ut minoritetsaksjonærar i datterselskap i Saferoad.

221 millionar kroner skal brukast til å kjøpe ut minoritetsaksjonærar, 1109 millionar skal brukast til å betale ned gjeld og 70 millionar skal dekke kostnadane ved børsnotering - mellom anna meklar- og advokathonorar.

119 aksjonærar
Det var fleire omgangar med endringar på eigarsida i det som var Ørsta Stålindustri, og som deretter vart Saferoad etter samanslåingar med Euroskilt, før Nordic Capital-fondet kjøpte Saferoad i 2008. 

Største aktøren var eit investeringsfond under Reiten & Co Capital Partners, som sat med 50,9 prosent av aksjane ved inngangen til 2008.

I tillegg til Ulsmo var det fleire andre lokale eigarar i selskapet i starten av 2008. Her er dei med aksjepostar over 1,5 prosent; Sydvestor Vekst (2,47 %), Reidun Aam Kvalsund (2,31 %), Brødrene Sunde as (1,96 %), Hildegunn Bjørdal Alnes (1,9 %), Kari Bodil Aam (1,7 prosent), Kjell Bjørdal (1,59 %) og Eli Aam (1,59 %). I alt hadde selskapet 119 aksjonærar.

Store oppkjøp
Både før og etter at Nordic Capital Partners kom inn gjorde Saferoad mange oppkjøp over heile Europa.

Då Michael Hermansson tok over som konsernsjef etter Jon Erik Engeset i 2014 sa han til NETT NO at tida for store oppkjøp var over. No skulle det hentast ut samarbeidsgevinstar.

STØRST OG BEST: Kjetil Nesset (t.v) leiar Vik Ørsta, som både er det største og viktigaste selskapet i konsernet. Vik Ørsta har gått med overskot i alle år. Til høgre tidlegare konsernsjef Michael Hermansson.

- Vi må konsolidere oss. Eg trur vi må ta ut samarbeidsgevinstar mellom selskapa, vi må jobbe mykje tettare i konsernet. Vi har 106 juridiske einingar, vi har sannsynlegvis 106 ulike datasystem. I mitt hovud finst eit konsept som heiter Saferoad United. Vi må sette oss meir saman og lære av kvarandre. Vi må konsolidere og sveise saman desse selskapa, slik at dei fungerer betre både når det gjeld produksjonen og sal, sa Hermansson.

Les meir: Lovar fart i salet

Ny sjef
Etter knappe to år var Hermansson ute og Morten Holum rykka opp frå finansdirektør til toppsjef, og har styrt selskapet fram til børsnotering.

Arbeidet for å gjere Saferoad til eit konsern som går med overskot er ikkje i mål, resultatet før skatt første kvartal var minus 162 millionar kroner. 

Les meir om resultat og børsplanar her: Prisar Saferoad til 2,6 milliardar

Nordic Capital-investorane skal halde fram som aksjonær i selskapet etter børsnoteringa, med minst 33,4 prosent av aksjane. 

Siste artikler

Kleven-familien under 20 prosent

Kleven-familien eig under 20 prosent i konsernet etter refinansieringa.

Færre nordmenn vil jobbe i fiskeindustrien

Under halvparten av arbeidstakarane i bransjen er no norske.

Vurderer investeringsfond for bølgjekraft

Bølgjekraftselsskapet Waves4Power samlar investorar under den offisielle opning av anlegget denne veka.

Får service på dette og enda 73 Siem-eide skip til

Rolls-Royce har landet en tre år lang vedlikeholdsavtale med Siem Offshore og Subsea 7.

Maritim klyngekonferanse topper CampusUka

GCE Blue Maritimes årskonferanse 2017 går av stabelen i Ålesund 29. september.  

Passerte 500 milliarder kroner

Mandag passerte den utestående verdien av boligobligasjonene på Oslo Børs 500 milliarder kroner for første gang i historien.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no
Annonse: annonse@nett.no / 40313030
Abonnement: abonnement@nett.no
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.