Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

Teikn ditt månadsabonnement i skjemaet under.

129,- pr. mnd.
Sævik mot Sævik om strukturkvoter

STRUKTURKAMP: Rita Sævik er djupt usamd med Gunnar Sævik (bak) om konsekvensane av å opne for å samle meir ringnotkvoter på ein båt. Ved sidan av Sævik sit Anders Remøy (t.v.) og Jørn Remøy.

Sævik mot Sævik om strukturkvoter

Gunnar Sævik og Rita Sævik er djupt usamde om konsekvensane av vidare strukturering innanfor ringnot. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker er mest samd med sistnemnde.

- Næringa må vere konkurransedyktig, ikkje berre i Norge, men også i internasjonal målestokk. Vi må lage ein politikk som er berekraftig om fem-ti år framover, ikkje berre i dag, sa Aspaker under eit møte med representantar for Herøy-fiskeriet måndag.

I dag gjekk høyringsfristen ut for forslaget om å auke kvotetaket frå 650 tonn til 850 tonn i ringnot, samt å auke frå tre til fire strukturkvoter for torsketrål.

ÅTVARING: God tone mellom Gunnar Sævik og Elisabeth Aspaker etter møtet, sjølv om Sævik åtvara sterkt mot konsekvensane av endra kvotetak i ringnot. Bak "Kings Bay" som lossar makrell ved Fosnavaag Pelagic.

Avgjersle før nyttår
I Herøy har Herøy fiskarlag med stort fleirtal sagt nei til strukturauken i ringnot, men både Fiskebåt og Norges Fiskarlag har sagt ja.

Dei klare signala frå dei to organisasjonane var Aspaker glad for.

- Vi skal no gå grundig gjennom alle høyringsinnspel, men eg er glad for at både Fiskebåt og Norges Fiskarlag har kome med så klare tilrådingar.

- Vi vil truleg konkludere før nyttår.

Færrast muleg avgrensingar
Rita Sævik meinte at det hasta med å få gjennomført endringane. Ho er sjølv reiar for "Christina E", ein supermoderne kombinasjonsbåt som Ervik & Sævik-reiarlaget fekk bygt i 2012.

- Eg er radikal når det gjeld struktur og kvoter, og meiner at det bør vere så få avgrensingar som muleg.

Ho var djupt usamd med fiskarlaget i Herøy, som frykta for arbeidsplassar ved at det vart auka for å ha 850 basistonn per ringnotfartøy.  

- Det er struktureringa som har gjort at vi i dag har råd til å halde oss med to mannskap.

Vil ha rask avklaring
Rita Sævik sa at striden har skap uro i fiskarmiljøet.

- Til lenger tid det går, til hardare vert striden. Derfor er derfor viktig å få tatt ei avgjersle fort, slik at vi kan verte ferdig med striden og gå vidare.

Rita Sævik tok ordet etter at dagleg leiar Gunnar Sævik ved Skipsregnskap i Fosnavåg åtvara mot konsekvensane av den foreslåtte endringa.

- Det er ingen tvil om at endringa vil føre til færre fartøy og færre arbeidsplassar for fiskarane.

Dei rikaste vinn kampen
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker sa at det var frivillig å vere med på endringa, og ingen pålegg. Dette reagerte Gunnar Sævik på.

- Dette er som å gå i ein boksering med eit stort handikap i forhold til den du møter. Det er ikkje ein likeverdig kamp. Med dagens prisar på kvoter, er det dei rike og store som vil vinne denne kampen.

- Å vinne i dette spelet, er i praksis eit spørsmål om kven som er i stand til å betale mest.

Han viste til at det i dag er ti ringnotreiarlag som eig fleire båtar.

- Minst sju av desse vil raskt gjere seg nytte av ein auke frå 650 til 850 basistonn, sa Sævik.

Han sa at den foreslåtte endringa var ein fordel for dei som i dag rår over fleire fartøy.

- For dei andre er det ein ulempe.

Mange utfordringar
Elisabeth Aspaker vart utfordra på ei lang rekkje område i møtet med Herøy-fiskarane, både når det galdt nord-sør-problematikken, konflikten mellom reketrålarar og krabbefiskarar av snøkrabbe, reketrålarar som må gå lange omvegar for å passere sjekkpunkt for å fiske i russisk sone, behovet for enklare regelverk for makrelldorgarane ettersom makrellen trekkjer stadig lenger nordover, og ikkje minst mangelen på engasjement for å auke torskeprisen.

Til det siste viste Aspaker til at ein har hatt vellukka aksjonar for å få auka både marknaden og prisane på skrei.

- Det handlar mykje om å kunne tilby eit produkt heile året. Derfor satsar regjeringa no offensivt på å leggje til rette for levandelagring av torsk, slik at ein kan tilby fersk torsk til marknaden heile året.

Slo eit slag for linefanga torsk
Det siste reagerte Lisa Leinebø Pinheiro i Leinebris-reiarlaget på. Ho minte fiskeriministeren på at lineflåten allereie leverer sjøfrosen torsk heile året.

- Det er vel og bra med levandelagring av torsk, men lineflåten leverer altså førsteklasses torskeprodukt heile året.

Aspaker sa at det var flott med linefanga torsk, men at satsinga på levandelagring ville halde fram.

- Vi må berre halde fram med denne satsinga, samstundes som vi vert flinkare til å marknadsføre torsk og anna kvitfisk.

Siste artikler

Skal løfte sunnmørsk reiseliv gjennom samskaping

Ho kaller seg samskaper og sunnmøring, og mener ho nå har fått drømmejobben når ho nå skal løfte sunnmørsk reiselivsnæring.

Kibsgaard-Petersen går av i Schlumberger

Ålesundaren har leia verdas største oljeserviceseselskap sidan 2011.

Litt betre for Ivar Aasen

Hotell Ivar Aasen aukar inntektene, men ekstraordinære kostnader gjer at resultatet endar i minus.

Ber kommunane vere med å betale for bokbåten

Skal bokbåten Epos halda fram i Møre og Romsdal, må kommunane som nyttar han, vere med på å betale, meiner fylkeskommunen.

Trur på store ordrar til hausten

Stadt i Gjerdsvika fekk ein nedtur i fjor, men dagleg leiar Hallvard Slettevoll trur at dette fort snur.

Framleis tap ved Herøyterminalen

Dei islandske eigarane prøver å selje, men boda er for lave.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.