Saa mykje makrell at vi ikkje kan kaste paa alt
MAKRELL: Bremanger-båten Vestfart på veg til Fosnavåg med 340 tonn makrell.
Nytt

- Så mykje makrell at vi ikkje kan kaste på alt

Sjølve har dei vore litt uheldige med både bomkast og småmakrell, men seier at det er meir makrell å sjå enn nokon gong.

16.10.2018
- For oss har det vore ein litt trasig makrellsesong. Vi har gått over store område før vi fann makrellen.
- I tillegg har vi hatt bomkast. I fjor tok vi heile kvoten på fire kast. I år har vi nok kasta 20 gongar.

Småmakrell

Det seier skipper Terje Torvanger på Bremanger-båten Vestfart.
Båten leverer 340 tonn ved Fosnavaag Pelagic tysdag.
- Det verste er at vi har ein del innslag av småkrall under 250 gram. Denne får vi berre 3,50 kroner kiloen for, medan vi får 13,60 kroner for resten.
- Vi låg saman med båtar som berre fekk stor makrell, så denne gongen var vi litt uheldige, seier han.

Forstår ikkje kvoteråda

Torvanger seier at det er svært mykje makrell å sjå i EU-sona aust for Orknøyane.
- I enkelte flekkar er det så mykje makrell at vi ikkje tek sjansen på å kaste.
Han forstår ikkje at dei internasjonale tilrådingane for neste sesong er ein kraftig nedgang i makrellkvoten.
- Nei, det er det ingen som forstår, sjølv om vi brukte litt tid før vi fann makrellen.
- Men der fangstinga foregår er det enorme mengder med makrell, og vi har også sett mykje fisk på djupna i Norskehavet, fisk som vi trur er makrell.

Mange er ferdige

Måndag vart det meldt inn 42 fangstar på totalt 10.823 tonn, slik at det no minkar på makrellkvoten, og mange båtar er ferdige med sesongen.
Vestfart har att 220 tonn.
- Så det vert endå ein tur på oss, før vi prøver oss på NVG-silda, seier Torvanger.

Skyhøge kvoteprisar

Vestfart er tidlegare Leinebjørn, som deretter vart Inger Hildur og ein liten periode Kristina 2, før båten vart kjøpt til Bremanger og omdøypt til Vestfart for vel to år sidan.
- Ein god båt, men vi skulle gjerne hatt meir kvote. På makrellen har vi berre ein kvote på 1.200 tonn, seier Torvanger.
Men han synst kvoteprisane er altfor høge.
- Ein må nesten ha eit hundreårsperspektiv med dagens prisar om ein skal skaffe seg meir kvote.

Meir til kystgruppa

Medan det har vore god makrellfangstar siste dagane for ringnotfåten, har det vore elendig for kystflåten.
Tysdag beslutta fiskeridirektøren å gjere endringar i kvotene for kystgruppa.
Endringa går ut på at maksimalkvoten for fartøy i garn- og snøregruppa med største lengde under 15 meter vert auka frå 45.929 til 69.894 tonn.
Fartøy i garn- og snøregruppa med største lengde på eller over 15 meter får tildelt eit maksimalkvotetillegg på ni tonn.
For fartøy under 13 meter vert maksimalkvoten auka frå 59.185 til 88.778 tonn.
Ein må nesten ha eit hundreårsperspektiv med dagens prisar om ein skal skaffe seg meir kvote

Publisert: 16.10.2018 13:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26