SSB Stadig fleire ledige stillingar
FLEIRE I ARBEID: Arbeidsløysa går ned og det blir skapt fleire jobbar.
Nytt

SSB: Stadig fleire ledige stillingar

Over 10.000 nye jobbar på eitt år.

16.05.2018
NPK-NTB: Talet på ledige stillingar her i landet auka med 10.200 til 68.400 frå første kvartal i fjor til første kvartal i år. Oljenæringa har den største auken.
Det er seks år sidan sist det var så mange ledige jobbar i Noreg, melder .
Det var 1.400 ledige stillingar innanfor SSB-kategorien «bergverksdrift og utvinning», som er dominert av olje- og gassverksemd, i første kvartal. Det er ein auke på 1.100 det siste året.
I tillegg til at olje- og gassnæringa er viktig i seg sjølv, påverkar den også andre næringar. Delar av industrinæringa er petroleumsretta, og dermed påverka av utviklinga i olje- og gassnæringa. Her var talet på ledige stillingar på 3.400, ein auke på 700 frå same kvartal i fjor.

Publisert: 16.05.2018 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22