SFE skal hente inn 350 millionar kroner
STORE INVESTERINGAR: Ei kraftverk til over 700 millionar kroner og årlege investeringar på rundt 200 millionar kroner i nettet fram til 2020 står på planen til Sogn og Fjordane Energi. Om ikkje eigarane vil skyte inn meir pengar må utbyttepolitikken revurderast, i følgje finans- og økonomidirektør Martin Holvik. 
Nytt

SFE skal hente inn 350 millionar kroner

Sogn og Fjordane Energi vil ha 350 millionar kroner frå eigarane for å finansiere kraft- og nettutbygging. Eit nei kan bety mindre utbytte.

26.05.2017
Energiselskapet skal bygge kraftverk i Høyanger til rundt 700 millionar kroner, og skal dessutan investerer rundt 200 millionar kroner årlege i nettet dei neste to-tre åra.
No ber selskapet eigarane å vere med på finansieringa, ved å skyte inn inntil 350 millionar kroner i ny eigenkapital.

4,6 milliardar kroner

Dei to største eigarane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) er Sogn og Fjordane fylkeskommune (48,15 prosent) og BKK (38,54 prosent). Resten er fordelt på Gloppen (3,36 prosent) og seks andre kommunar i fylket.
Alle eigararane får utstedt teikningsrettar som gir dei rett til å teikne seg for nye aksjar i selskapet heilt til og med 2020. Nyttar dei teikningsretten i år er kursen 615,19 kroner pr. aksje og så stig den gradvis til 750,50 kroner pr. aksje i 2020.
- Emisjonskursen er sett slik at det skal vere gunstig å bruke teikningsrettane no, seier finans- og økonomidirektør Martin Holvik i Sogn og Fjordane Energi.
Til kurs 615,19 kroner pr. aksje er Sogn og Fjordane Energi verdsett til 4,6 milliardar kroner.

Små endringar

Teikningsrettane er ikke omsettlege, slik at det uansett berre blir mindre endringar på eigarsida dersom ikkje alle aksjonærane er med på kapitalutvidinga.
Det som derimot kan endre seg om eigarane ikkje vil skyte inn meir pengar, er utbyttepolitkken. Den må i så falle vurderast, i følgje Holvik.
SFE har hatt ein politikk om å betale ut eit utbytte på 70 prosent av overskotet etter skatt. For 2016 er utbyttet foreslått å tilsvare 50 prosent av overskotet etter skatt, som utgjer 77 millionar kroner.

BKK kan selje

Kraftutbygginga i Høyanger vil koste 710 millionar kroner. Det er ei felles utbygging der SFE dekkjer 58 prosent og BKK 42 prosent av kostnadane.
Investeringa utgjer dermed 412 millionar kroner for SFE. Men BKK har ein rett til å selje - og SFE ei plikt til å kjøpe - sin andel av prosjektet etter at det er ferdig.

Ser på samarbeid

SFE har tidlegare i år varsla at selskapet ser på eit tettare samarbeid både med Sunnfjord Energi og BKK.

Med Sunnfjord Energi vurderer selskapet eit generelt samarbeid, og neste år skal ei arbeidsgruppe skal legge fram sitt framlegg til kva eit slikt samarbeid konkret vil betyr.
Med BKK er utgangspunktet å få til ei samording av kraftproduksjonen.

Publisert: 26.05.2017 15:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10