Rush av sommarjobbar
FRAMTIDIG ARBEIDSKRAFT: For Sindre Kvalheim i IT-selskapet Local Host i Måløy er sommarjobbar ein viktig rekrutteringskanal. I år har selskapet tatt inn fire sommarvikarar.
Nytt

Rush av sommarjobbar

Sommarjobb-kampanje i Sogn og Fjordane overgår all forventning. 

13.03.2018
Rekrutteringsorganisasjonen Framtidsfylket i Sogn og Fjordane vona bedriftene i fylket ville stille med 60 sommarjobbar i ein kampanje for å vise studentar og komande fagarbeidarar/ingeniørar kva fylket har å tilby.
Framtidsfylket er eigd av næringslivet i Sogn og Fjordane.
No har dei over 400 jobbar på blokka, fordelt på 94 bedrifter. 250 av jobbane er i helsesektoren, 150 i det private næringslivet.
- Vi undervurderte krafta som ligg i næringslivet når det mobiliserer, seier ein nøgd dagleg leiar Leon Bakkebø i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Helse, IT, ingeniør og jus

Kampanjen er retta spesielt mot personar som utdannar seg innan helse, IT, ingeniørfag og juss.
Sommarjobbane har blitt lyst ut via Framtidsfylket sin portal, og samtlege studentar på Høgskulen på Vestlandet har fått personleg e-post om sommarjobbfylket Sogn og Fjordane.¨
Bakkebø seier studentane søkjer på stillingar i dei einskilde bedriftene som er med, og at det er bedriftene sjølve som står for tilsettinga.

Rekrutterings-verkty

IT-selskapet Local Host i Måløy har tilsett fire personar i sommarjobb i år og brukar sommarjobbar som ein del av rekutteringsarbeidet, seier dagleg leiar Sindre Kvalheim.
Hovedpoenget med å gi folk sommarjobb er ikkje å få gjort arbeid i sommarferien, men å knytte til seg dyktige studentar og elevar som kan byrje i selskapet seinare.
Dessutan er sommarjobben ei opplæring som gjer at studentar som bur til dømes i Bergen og Trondheim kan arbeide deltid for Local Host ellers i året - frå den studiestaden der dei er.

Publisert: 13.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19