Rostein byggjer nytt
KONTRAHERER: Glenn Bradley i Rostein fortel at på ny båt blir ein av fire dieselmotorar erstatta av batteripakkar.
Nytt

Rostein byggjer nytt

Brønnbåtreiarlaget Rostein byggjer ny brønnbåt hos Larsnes Mek. Verksted.

22.10.2018
Brønnbåten skal leverast i 2020 og blir bygd for å kombinere diesel- og batteridrift.
Det fortalde viseadministrerande direktør Glenn Bradley i Rostein til Stortingets næringskomite, som er på besøk på Sunnmøre i dag.
Båten blir brønnbåt nummer 15 for Rostein, som med den siste kontraheringa har bestilt seks skip for tilsaman rundt to milliardar kroner frå 2014 til i dag. For verftet er brønnbåten bygg nummer 65. Den har ein lastekapasitet på 3900 kubikkmeter.

Over 350 millionar kroner

Nybygget vil koste mellom 350 og 400 millionar kroner, i følgje Bradley.
Han seier fartyet skal leverast i februar 2020.
Om skipet allereie er utleigd og eventuelt kven som som skal leige skipet vil Bradley førebels ikkje kommentere.

Etterspørsel

- Vi byggjer fordi vi ser ein enorm etterspørsel etter det vi kallar kategori A-brønnbåtar, brønnbåtar som har eit komplett tenestetilbod, seier Bradley.
Båten blir også bygd ut frå eit berekraftperspektiv, mellom anna ved at ein av fire dieselmotorar - som forgjengarane har - blir erstatta av batteri.

Publisert: 22.10.2018 11:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27