Rosar Vard omstilling
SILICON VALLEY. Miljøet på Nordvestlandet er eit Silicon Valley i skipsbyggingsindustrien seier Guiseppe Coronella, Fincantieri-direktør og styreleiar Vard. I dag var han trekkplaster på Haramskonferansen.
Nytt

Rosar Vard-omstilling

Det maritime miljøet på Nordvestlandet er eit stort pluss for Vard-aksjonær Fincantieri.

20.02.2018
- Vi ser ikkje på einskilde selskap lenger, seier Guiseppe Coronella - styreleiar i Vard og direktør med ansvar for mellom anna offshoremarknaden i det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri.
No er det selskapet i samarbeid med andre i konsernet, og miljøet rundt selskapa som tel når Fincantieri - som eig over 80 prosent av VArd - vurderer sine investeringar. Der stiller Nordvestlandet sterkt.
- Det er ein slags Silicon Valley, seier Coronella om det maritime miljøet Nordvestlandet.

Gode resultat

Etter at oljeprisen fall og marknaden for offshorefarty tørka inn styrka Vard og hovudaksjonæren Fincantieri samarbeidet, samstundes som Vard snudde seg mot nye marknaden, blant anna i oppdrett og cruise.

Resultata er glimrande, meiner Coronella.
- Vard har vist at den kompetansen dei har, har dei kunne flytte over ut over offshoremarknaden, seier han.

Auka bemanning

Coronella viser til auken på Vard sitt hovudkontor i Ålesund på at Fincantieri vil satse på Nordvestlandet, også om Fincantieri skulle lukkast med å kjøpe ut resten av Vard-aksjonærane og gjere Vard til eit heileigd datterselskap.

I dag er det cirka 150 tilsette i Ålesund, medrekna administrasjon, IT, sal og marknadsføring. Cirka 50 av 100 tilsette i Vard Design er i Ålesund.

Rask omstilling

Fincantieri har styrka innsatsen for å kunne gjere store omstillingar.
Skipsbygging er ein bransje der det kan skje store omveltningar. Den bråe endringa i offshoreskip-marknaden er eit døme på det, i følgje Coronella.
- Vi legg vekt på å kunne omstille oss raskt, seier han.
Hele gruppa er blitt meir fleksibel, meiner Coronella.

Fellestrekk med Rolls-Royce Marine

Coronella vil ikkje kommentere om Fincantieri er interessert i å kjøpe Rolls-Royce Marine.
Han seier dei to selskap har ein del felles produkt og at også Fincantieri jobbar med å utvikle ubemanna skip.

Publisert: 20.02.2018 14:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18