Ropar mayday maday maday for verfta
VARD LANGSTEN: Flankert av fleire fylkespolitikarar presenterte Iselin Nybø (t.h.) og Linda Hofstad Helleland den første krisepakka til maritim næring på Vard Langsten, eit verftskonsern som tapte nær to milliardar kroner i fjor. No forventar Maritimt Forum Nordvest langt kraftigare statlege tiltak.
Nytt

Ropar mayday, maday, maday for verfta

Etterlyser kraftfulle statlege tiltak for å hindre fleire konkursar og masseoppseiingar.

10.08.2020
I ein kronikk frå dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest, slår han fast at fleire verft enn Kleven vil gå konkurs om ikkje fellesskapet no stiller opp.
Han etterlyser ein 'fase fire-krisepakke' eller nye aktivitetsskapande tiltak i statsbudsjettet for neste år, og meiner at dette hastar om ikkje fleire tusen arbeidsplassar og viktig kompetanse skal forsvinne.

Nasjonal krise

Ingjerd meiner at den krisa den maritime næringa står overfor er ei nasjonal krise.
"Dette er alvorlig. Ikke bare for kystsamfunnene, men for nasjonen. Maritim næring er landets viktigste eksportnæring etter petroleumsnæringen, sysselsetter nærmere 90.000 langs hele kysten, skaper verdier for 150 mrd. og omsetter for nesten 450 mrd. kroner hvert år", skriv han.
Av tiltaka Ingjerd etterlyser er forsering av bygging av statlege skip, blant anna fem mineryddarar med autonome tilleggskapapasitetar for sjøforsvaret, samt ei offensiv vrakpantordning for utrangerte fartøy.
I tillegg meiner han blant anna at kompensasjonsordninga må tilpassast maritim næring og permitteringslengda utvidast til 52 veker.

Vil ha garantiar

Myklebust Verft har tidlegare slått til orde for at GIEK og Eksportkreditt tar ei meir aktiv rolle tidleg i eit byggjeprosjekt.
Bakgrunnen er at verfta i dag tar mesteparten av risikoen ved ei byggjekontrakt, og reiarar kvir seg dermed å signere kontrakter med verft som har pressa økonomi.

Gunvor Ulstein i Ulstein Group har tidlegare slått til orde for at verfta skal kunne få forskottert framførbart underskot.
- Samla er det snakk om mellom 400 og 900 millionar kroner, men vil ha stor positiv effekt, sa Ulstein under eit nettmøte om situasjonen for verftsnæringa i juni.

- Forstår ikkje alvoret

Ho sa at mange av verfta no var i ein kritisk situasjon likviditetsmessig, og at dette også gjekk ut over den grøne satsinga.
- Vi har lenge vore langt framme når det gjeld grøn omstilling, men no taper vi terreng.
- Skal du få framtidig inntening, så må du investere i dag, men då må du kapital, og det blir ikkje forstått, sa Ulstein.

Satsa på cruise

Ulstein Group har ikkje lagt fram tala for 2019 enno, men det er grunn til å tru at dei ikkje er gode.
Vard Group la nyleg fram sine tal, som viste i fjor.
Både Vard og Ulstein har satsa inn mot cruisenæringa, og det var venta at etter tunge omstillingsår, skulle denne satsinga gi positive resultat frå i år av.
Men det var før covid-19.

Spår massive inntektsfall

Analysebyrået Menon Analytics slår fast i sin siste analyse at utsiktene for bestillingar av nye cruiseskip er svært mørke i mange år framover.
Menon viser til at marknaden for cruiseturisme er nærast utradert over natta, og det er svært usikkert om og når marknaden vil kome tilbake.
Det som derimot er sikkert er at covid-19 har ført til ein massiv dempar på bestillingar av nye cruiseskip, og at dette vil føre til massive fall i inntektene for dei verfta som har satsa på cruise.
Menon viser også til at det heller ikkje er forventa at nybygg innanfor offshore vil ta seg opp dei komande åra, og forventar at sysselsetjinga på norske verft vil falle med 60 prosent, eller 5.500 sysselsette, fram til utgangen av 2022.

Store konsekvensar

Når ein veit at kvar verftstilsett genererer fem-seks tilsette utanfor verfta, vil det vere snakk om at over 25.000 vil miste jobben, om Menon får rett i sine spådomar.
Analysebyrået opererer med endå verre tal i sitt 'worst case-scenario'.
Arnfinn Ingjerd meiner at situasjonen er ekstraordinær, og der det krevst ekstraordinære tiltak.
"Koronakrisen kommer før dønningene av oljekrisen i 2015 har lagt seg og før selskapene har hatt sjanse til å hente seg inn igjen. Det bygger nå opp til en storm uten historisk sidestykke - den perfekte storm", skriv Ingjerd.

Dette er alvorlig. Ikke bare for kystsamfunnene, men for nasjonen

Publisert: 10.08.2020 12:47

Sist oppdatert: 06.07.2021 08:17