Rolls Royce vurderer sal av marinedivisjonen
TIL SALS: Rolls-Royce Marine-sjef Mikael Makinen har måtte rapportert store underskot dei siste åra. No kan store deler av Rolls-Royce Marine kome på nye hender.
Nytt

Rolls-Royce vurderer sal av marinedivisjonen

Går frå fem til tre divisjonar. Store deler av marinedivisjonen fell utanfor.

13.03.2019
Rolls-Royce Marine har gått med store tap etter nedturen start for offshorereiarlaga. No skal deler av Rolls-Royce Marine inn i forsvardivisjonen, medan resten kan kome på nye hender.

- Det er rett og rimelig at vi vurderer om verksemda i framtida kan vere betre tent med eit nytt eigerskap, skriv konsernsjef Warren East i ei pressemelding.


Frå fem til tre

Rolls-Royce Marine skal omorganiserast for fem til tre divisjonar.
Marinedivisjonen i Rolls-Royce, som i dag leverer teknologi til både kommersielle og militære fartøy, blir påverka av denne endringa på to måtar, i følgje pressemeldinga:
For det første vil den delen av verksemda som leverer til sjøforsvarsmarknaden (Naval) bli flytta inn i den nyoppretta Defence-divisjonen. For det andre skal det vurderast ulike alternative for framtiden, " inkludert eit potensielt sal, for den delen av verksemda som leverer til kommersiell skipsfart."
Rolls-Royce vil også behalde motorfabrikken Bergen Engines i Bergen.

Kutt på kutt

Frå 2015 til i dag har Rolls-Royce Marine kutta talet på produksjonsanlegg frå 27 til 15 og redusert talet på tilsette med 30 prosent, til dagens 4200 tilsette. 3600 tilsette arbeider inn mot marknaden for kommesiell skipsfart. 1600 av desse er tilsett i Noreg, cirka 500 jobbar i Finland og 200 i Sverige.
Konsernsjef East skriv i meldinga har Rolls-Royce Marine har oppnådd ein leiande posisjon i utvikling av sjølvstyrte og fjernstyrte skip, samstundes som selskapet har redusert kostnadane.
Marinedivisjonen hadde 1,1 milliardar pund i driftsinntekter i 2016 og fekk eit underskot på 27 millionar pund.

Skilde ut styrmaskiner

Rolls-Royce Marine la før jul styrmaskinproduksjonen for sal.
Der er det to kjøpargrupper, den eine leia av Knut Hovland, som inntil nyleg var ein del av toppleiinga i Rolls-Royce Marine.

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine seier drifta i Rolls-Royce Marine held fram vanleg etter meldinga i dag. Leiarar i selskapet blir orientert i telefonmøte i dag, øvrige tilsette får skriftleg informasjon i dag og blir informerte ytterlegare framover, mellom anna i allmøte.

Publisert: 13.03.2019 17:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17