Rolls Royce varslar ny stil
NY STIL: Brønnintervensjons- og toppholsboringsfartøyet Island Navigator gir den første peikepinnen på Rolls-Royce sitt nye skipsdesign. Skal skille seg ut frå konkurrentane. Hovudlansering etter jul.
Nytt

Rolls-Royce varslar ny stil

Rolls-Royce sitt UT-design skal få ein heilt ny utsjåanad.

14.09.2015
- Vi er blitt kopiert så mykje dei siste 40 åra, seier Jan Emblemsvåg, ansvarleg for skipsdesign hos Rolls-Royce Marine.
Rundt 800 farty med UT-design er bygd sidan Ulsteinkonsernet utvikla designet. Då Rolls-Royce tok over blei UT-designet med på kjøpet, men etterkvart som åra har gått er det blitt vanskelegare å vansklegare å skille eit UT-skip frå andre, meiner Emblemsvåg. Det skal det snart bli slutt på.

Sexy skip

Den nye designen handlar først og fremst om å gi Rolls-Royceskipa ein utsjånad som skiller dei ut frå andre.
Emblemsvåg lovar ein meir sexy look på dei nye fartya.
Førebels vil han ikkje vise bilde av den nye utsjånaden og demonstrere kva han meiner med eit sexy skip, men viser til (sjå hovudbiletet til denne artikkelen) som eit døme på kva det er snakk om.
Også fiskebåten ( så foto) gir ein peikepinn på kva som skal kome.

Lansert i desember

Den første lanseringa av den nye utsjånaden kjem på messa "Workboat show" i New Orleans i USA i starten av desember.
Då vil Rolls-Royce Marine lansere eit nyutvikla, enklare ankerhandteringsfarty for mindre krevjande fartvatn, med den nye designen. Det nyutvikla ankerhandteringsfartyet er utvikla for å kunne konkurrere i marknadne for mellomstore ankerhandteringsfarty, der dei største og mest avanserte blir alt for dyre i bruk.
Hovudlanseringa av den nye designet kjem etter årsskiftet, og skal også omfatte handelsskip og fiskefarty, i følgje Emblemsvåg.

Reduserer forbruk

Sjølv om den nye utsjånaden først og fremst handlar om å syte for at Rolls-Royce-designa skip skil seg ut frå konkurrentane, er det også snakk om å betre driftseigenskapane, mellom anna med ein baug som kombinerer eigenskapane til Ulstein sin X-Bow og Rolls-Royce sin wave piercing-baug, i følgje Emblemsvåg.
Wave-piercing-baugen, betre overvakingsystem og bruk av LNG og batteridrift gjer at eit moderne skip med Rolls-Royce desing kan redusere energiforbruket med inntil 40 prosent samanlikna med eit eldre skip med konvensjonell design, i følgje Emblemsvåg.

Publisert: 14.09.2015 13:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46