Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Skisse av skipsdroner

DRONER: Slik tenkjer Rolls-Royce seg at kapteins- og mannskapslause handelsskip skal fraktre kontainerar mellom ulike hamner. Skipa skal manøvrerast frå skipsbruer på land.

Rolls-Royce lanserer droneskip

Det er ikkje berre droner i lufta som vert ubemanna. No lanserer Rolls-Royce ubemanna handelsskip. Fagrørsla likar det dårleg.

Nyskapinga utfordrar ein industri som årleg omset for over 2000 milliardar kroner. Dette skriv Bloomberg News, som er eitt av fleire internasjonale media som siste dagane har omtala nysatsinga.

Sjølv meiner Rolls-Royce at droneskipa vert tryggare, billegare og vil forureine mindre enn dagens frakteskip.

Ålesund-utvikla
Prototypen for dei revolusjonerande droneskipa er utvikla av Rolls-Royce sitt Blue Ocean Team i Ålesund.

Dette Ålesund-baserte laget har sett opp ein prototype som simulerer 360 graders utsikt frå ei skipsbru.

Rolls-Royce opplyser at kapteinar på land i framtida vil bruke liknande utstyr for å manøvrere hundretals mannskapslause skip.

Aktuelt i Østersjøen
Til Bloomberg News seier Oskar Levander, visepresident for Rolls-Royce si satsing på innovasjon innanfor marine engineering og teknologi, at slike skip til dømes kan brukast mellom hamner i Østersjøen.

Levander er sjølv frå Finland, og kjenner Østersjøregionen godt.

- No er denne teknologien kome til eit nivå der vi kan la dette skje. Samfunnet går også i denne retninga, seier Levander til Bloomberg News.

- Om vi ønskjer å gjere dette, er det no på tide å gå vidare.

DNV skeptisk
Sjølv om satsinga er muleg å gjennomføre, er det ikkje alle som er like sikre på at ubemanna skip vil slå igjennom i marknaden. Ein av dei er Det Norske Veritas-direktør Tor Svendsen.

Bloomberg News siterer Svendsen på ein kommentar han kom med om dei ubemanna skipa på ein konferanse i New York 4. februar i år.

- Den potensielle innsparinga rettferdiggjer ikkje investeringane som er nødvendige for å gjere ubemanna skip trygge, sa Svendsen.

DNV er ein av dei leiande aktørane internasjonalt på sikkerheitssertifisering av skip.

- Personleg trur eg ikkje der er store innsparingar ved å bruke ubemanna skip. Men teknisk er det mogleg, sa Svendsen.

Negativt forbund
Også fagrørsla er negativ.

- Eg kan ikkje og vil aldri erstatte auga, øyrene og hjerna til profesjonelle sjøfolk, uttalar leiar Dave Heindel i det internasjonale transportarbeiderforbundet i ein epost til Bloomberg News.

Les meir her.

Siste artikler

Volstad nesten tilbake i pluss

Etter å ha bokført til sammen over 800 millioner i underskudd i 2015 og 2016 kom Eivind Volstad nesten tilbake i pluss i fjor.

Vekst for Ålesunds eldste fiskeutsalg

Longvafisk i Ålesund vokser jevnt og trutt på salg av skalldyr, fisk og fiskemat.

Rekordopptak til høgare utdanning

98.000 søkjarar har fått tilbod om studieplass i hovudopptaket til høgare utdanning, 4.176 fleire enn i fjor. IKT-utdanningar har hatt ein auke på 17 prosent.

Nordfjordbrua hentar fem millionar

Bruutbyggingselskapet Nordfjordbrua skal hente fem millionar kroner i ny eigenkapital.

Horisont-deltaking i fare

EU-kommisjonen vil avgrense kven som får vere med på EU sitt store forsking- og utviklingsprogram. 

No kjem resultata av fusjonen i fjor

MMC First Process har fått fire kontrakter siste vekene. Dei ser stort vekstpotensial.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.