Rolls Royce kuttar 4600 jobbar
IKKJE NOKO NYTT: Tilsette i Rolls-Royce Marine må framleis vente på å få vite kven som blir nye eigar. I resten av konsernet blir det store kutt i stabane.
Nytt

Rolls-Royce kuttar 4600 jobbar

Færre folk i store stabar skal betre lønsemda melder Rolls-Royce-konsernet. Taust om salet av Rolls-Royce Marine.

06.07.2018
4600 stillingar skal bort innan midten av 2020 fortel Rolls-Royce-konsernet i ei børsmelding dagen før selskapet arrangere kapitalmarknadsdag for investorar og analytikarar.

Rolls-Royce skal korte ned på kommandolinene og la dei som sit nærast kundane ta fleire avgjerder. Det betyr færre folk i stabane, først og fremst i Storbritannia.

Taust om sal

For tilsette i dotterselskapet Rolls-Royce Marine, som Rolls-Royce vil selje ut av konsernet, gir dagens børsmelding inga avklaring.
Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine sa til NETT NO i starten av mai at Rolls-Royce har fått fleire bod på marinedivisjonen.

Børsmeldinga i dag kommenterer ikkje salsprosessen. Neste tidspunkt for når Rolls-Royce kan gi ny informasjons om salsprosessen er på kapitalmarknadsdagen i morgon. Den startar 09.45 (08.45 britisk tid) og kan følgjast på webcast.

Starta i januar

Rolls-Royce varsla i januar i år at selskapet vurderte eit eventuelt sal av marinedivisjonen i Rolls-Royce, der Rolls-Royce Marine er det viktigaste selskapet.

Framover skal Rolls-Royce satse på forsvars- og luftfartsmarknaden, medan andre tek over satsinga på kommersiell skipsfart.
- Det er rett og rimelig at vi vurderer om verksemda i framtida kan vere betre tent med eit nytt eigarskap, sa konsernsjef Warren East i pressemeldinga i januar i år.

Publisert: 06.07.2018 07:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23