Roald Amundsen paa nytt utsett
HURTIGRUTEN: Roald Amundsen på prøvetur i februar i år, men no klarer verftet likevel ikkje å verte ferdig med skipet i tide.
Nytt

Roald Amundsen på nytt utsett

Hurtigruten kansellerer jomfruturen frå Lisboa 17. mai.

10.04.2019
Hurtigruteskipet Roald Amundsen er på nytt forseinka frå Kleven Verft.
Dette skaper store på nytt store problem for Hurtigruten, skriv

Tilbyr ny tur

Til avisa opplyser pressevakt Hanne Taalesen i Hurtigruten at jomfruturen frå Lisboa er kansellert.
– Kleven verft har no orientert oss om at den endelege ferdigstillinga av interiøret på MS Roald Amundsen er forseinka. Det betyr dessverre at det også blir ei forseinking i den endelege overleveringa av fartøyet frå verftet, seier Hanne Taalesen.
Begge turane vart tidleg utselde, har kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten tidlegare opplyst til NETT NO.
Selskapet tilbyr no passasjerane å få tur med eitt av selskapet sine andre ekspedisjonscruiseskip til rabatterte prisar.

Andre gong

Dette er andre gongen Hurtigruten må betale dyrt for utsetjingar av Roald Amundsen.
Skipet skulle eigentleg setje kurs for Antarktis i november i fjor, men på grunn av forseinkingar på Kleven vart jomfruturen utsett til 17. mai i år.
Men no vert dette heller ikkje noko av.

Det har ikkje lukkast NETT NO å få kommentar frå Kleven.

Publisert: 10.04.2019 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33