Roald Amundsen endeleg ut paa jomfrutur
REKORDSKIP: Bygginga av MS Roald Amundsen og systerskipet MS Fridtjof Nansen er den største investeringa til Hurtigruten nokon gong. Laurdag segla den ut i Breisundet og sette kursen mot Tromsø.
Nytt

Roald Amundsen endeleg ut på jomfrutur

Laurdag sette det nye ekspedisjonsskipet til Hurtigruten kursen mot Tromsø.

Marius Rosbach
29.06.2019
Tidleg laurdag ettermiddag kunne MS Roald Amundsen endeleg kaste loss frå Kleven verft og segle ut på jomfruturen.
Då skipet stemna ut frå Ulsteinvik ved 13-tida var det mange folk på land som tok bilde og tok farvel med fartøyet for denne gong.
Analyse:



Første seglas frå Tromsø

Den første seglasen skal starte 3. juli i Tromsø, og ikkje Hamburg, slik planen var i utgangspunktet.

Verftet har jobba for harde livet med å komme i mål, men har vore nøyd til å utsette levering fleire gonger. Då skipet vart levert til Hurtigruten denne veka, er det om lag eitt år forsinka.
Den 15 dagar lange turen frå Tromsø vert forkorta ned til ni dagar, og passasjerane har fått tilbod om ein kraftig rabattert pris om dei ønskjer å vere med på turen frå Tromsø.
Deretter går turen til Kirkenes, Honningsvåg, Hammerfest, Reine, Brønnøysund, Kristiansund og Molde, før retur til Hamburg.

- Ikkje alternativ med kansellering

Rune Thomas Ege i Hurtigruten sa til NETT NO tidlegare i veka at det aldri var eit alternativ å setje eit uferdig skip i drift.
- Det var heller ikkje eit alternativ å kansellere jomfruturen. I staden har vi justert planen for den første reisa, og startar eit par dagar seinare i MS Roald Amundsens heimby Tromsø, seier Ege.
Ege seier at ein gler seg til å ønske dei første gjestane velkomne om bord i verdas første hybriddrevne cruiseskip.
- Med store batteripakkar og banebrytande grøn teknologi skal MS Roald Amundsen utforske nokre av verdas mest spektakulære område. Det startar med jomfruturen langs norskekysten.
Analyse:



Publisert: 29.06.2019 15:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36