Ritz Carlton sikrar ny oppstart paa Barreras
VIGO: Ritz-Carlton tar grep for å få gjort ferdig sitt skip Evimra ved Barreras-verftet, men byggjekontrakten med Havila Kystruten er kansellert. 
Nytt

Ritz-Carlton sikrar ny oppstart på Barreras

Vil gjere ferdig sitt eige skip etter at Havila Kystruten-kontraktane er kansellerte.

02.12.2019
Det vert snarleg oppstart av aktiviteten ved verftet Hijos de Barreras i spanske Vigo, men det er ikkje planar om å halde fram arbeidet med dei to skipa til Havila Kystruten.
Dette opplyser fleire spanske medier etter at det er inngått ein avtale mellom dagens verftseigarar og Ritz-Carlton, som byggjer cruiseskipet/ekspedisjonsyachten Evimra ved verftet.

Skal gjere ferdig Evimra

Det er Ritz-Carlton sitt maltesiske dotterselskap Cruise Yacht Upper Holding Limited som har gjort avtale med det reiarlaget Albacora og det mexikanske oljeselskapet Pemex om å starte opp att arbeidet ved det konkurstruga verftet.
Albacora eig 24,5 prosent av Barreras, Pemex 51 prosent.
I ei pressemelding frå partane vert det opplyst at det skal oppnemnast ei ny leiargruppe, og hyrast inn eksterne team som skal leie arbeidet framover, spesielt rundt ferdiggjering av Evimra, det første skipet i nysatsinga Ritz-Carlton Yacht Collection.
Ifølgje den spanske avisa er skipet verdsett til rundt 250 millionar euro etter at partane er samde om ein ekstrakostnad på 50 millionar euro.
Avisa opplyser også at prinsippa i avtalen inkluderer at verftet skal restrukturerast, der andre aktørar vert inviterte til å ta del.

Overlevering utsett til november

Ifølgje avisa sikrar avtalen at verftet ikkje vert slått konkurs 2. februar, og at arbeidet på Evimra skal startast opp att så fort som muleg.
Ritz-Carlton-skipet skulle opphaveleg døypast i Miami under Super Bowl-finalen 2. mai.
No er ny overleveringsdato sett til 28. november neste år.
Evimra er det første i ein serie yacht/cruiseskip i Ritz-Carlton Yacht Collection, som er eit samarbeid mellom Ritz-Carlton og Oaktree, og der Oaktree har stått for finansieringa.
Oaktree er eitt av verdas største finansieringsselskap, og forvaltar rundt 122 milliardar USD.
Det var sist veke at Havila Kystruten fekk vite at verftet hadde kansellert kontraktane på bygging av Havila Pollux og Havila Polaris.

Krev 400 millionar

Havila Kystruten meiner det er ei urettmessig kansellering, og krev eigenkapitalen på 400 millionar kroner tilbake frå det spanske verftet.
Om partane ikkje vert samde, kan tvisten hamne i London Court.
Havila Kystruten-direktør Arild Myrvoll har stadfesta til NETT NO at kontraktane er inngått under britisk jurisdiksjon, og eventuelle tvistar skal handsamast i England.
- Vi har gode garantiordningar, og forventar å få ut dei pengane vi har rett på, seier Myrvoll.

Ser på andre verft

No vurderer Havila Kystruten å byggje dei to søsterskipa ved eit anna verft.
- Vi har i lengre tid arbeidd med alternative løysingar, og innhenta pristilbod og tilbod på leveringstidspunkt frå fleire verft.
- Det er fleire verft som har ledig kapasitet og som er klare til å starte bygginga så fort vi trykker på knappen, seier Myrvoll.
Han seier at det ikkje er aktuelt å forlenge skipa, slik Barreras foreslo for å løyse vekt- og djupneproblema. Barreras foreslo å forlenge skipa med ni meter, slik at skipa vart 131 meter lange i staden for 122 meter.

Publisert: 02.12.2019 16:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46