Risikerer ti prosent auka driftskostnader
Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) ga uttrykk for at det pågjekk tøffe forhandlingar om statsbudsjettet. Finansdirektør Geir Sandnes i Intership (bak) håpar at partiet får gjennomslag for sitt syn på nettolønnsordninga. 
Nytt

Risikerer ti prosent auka driftskostnader

Forslaget om kutt i nettolønnsordninga vil koste dyrt for eit reiarlag som Intership. Frp legg press på regjeringa for å droppe endringa. 

Marius Rosbach
24.11.2020
Tysdag samla Maritimt Forum Nordvest ein rekke aktørar for å belyse korleis forslaget om kutt i nettolønnsordninga frå regjeringa vil ramme dei maritime næringane.
Som NETT NO har omtala fleire gonger, vil regjeringa for sjøfolk. Frå bransjen på eit tidspunkt då mange bedrifter allereie slit tungt.

Kan vere skilnad på pluss og minus

Geir Sandnes som er finansdirektør i brønnbåtreiarlaget Intership på Hareid, hadde sjekka kva det ville utgjere for deira sin del.
– Eg tok utgangspunkt i ein båt, og om bord der vil det utgjere ei auke i lønnskostnadene på 15 prosent. Det betyr ei auke i driftskostnadene på ti prosent, fortalde han.
Reiarlaget med drygt 100 tilsette har sju båtar i drift og ein under bygging. Som ei bedrift i ei næring med gode tider, utgjer ikkje dei auka kostnadane eit vere, eller ikkje vere.
– Men om det hadde vore i ein normalt marknad, så kunne det vore skilnaden på minus og pluss, la han til.
Sandnes fortalde at lønn typisk utgjer 60-70 prosent av kostnadene til reiarlaget.

– Er i ein kritisk fase

Frp har vore klare på at dei ikkje vil godta ei slik endring, og er for tida i forhandlingar med regjeringa om budsjettet for neste år.
Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) påpeika at nettolønnsendringa stod høgt på Frp sin liste for kva dei ønska gjennomslag for.
– Vi er i ein kritisk fase når det kjem til talet på norske sjøfolk. Vi kan ikkje gå noko særleg ned om vi skal halde på den sterke posisjonen vi har, sa han.
Han fortalde at partiet opplever nettolønnsforslaget er eit angrep på dei, fordi det har vore mellom deira hjartesaker.
På spørsmål om kva plass sokalla aktivitetsfremmande tiltak hadde i dei pågåande forhandlingane, kunne ikkje Strifdelt gi noko konkret svar, utover at det også var noko partiet ønska. Samtidig ga han uttrykk for at det gjekk føre seg ein hard dragkamp.

– Ekstremt viktig for heile regionen

Partifelle Oskar Grimstad, som også er styreleiar i Kystrederiene, meiner det er viktig for heile Nordvestlandet at Frp fekk gjennomslag for sitt syn.
– At Frp verkeleg legg trykk på denne saka er ekstremt viktig for heile regionen og samfunnet langs kysten, sa han.
Også Hareid-ordførar Bernt Brandal var inne på same tankar, og var uroa for utviklinga han såg rundt seg.
– Heile samfunnet her er bygd op kring sjøfolk og fiskeri, og det er her mykje av kompetansen vår kjem frå, sa han.
Brandal viste til dei seinaste tala for folketalsutviklinga, som viser ein nedgang på søre Sunnmøre.
– Det er befolkningsnedgang i alle kommunane, og det er ein indikator, sa han og frykta ei svekkinga av maritime næringar ville føre til meir forvitring.

Les også:






Synspunkt:


Vi er i ein kritisk fase når det kjem til talet på norske sjøfolk. Vi kan ikkje gå noko særleg ned om vi skal halde på den sterke posisjonen vi har

Publisert: 24.11.2020 18:40

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:52