Ringnotlivet blei for kjedeleg
LEINØY: Kjell Børre Petersen og Nick Are Skorpen sa opp kremjobbane sine på ringnotbåt for å bli heiltids sjarkfiskarar. Det er noko dei ikkje har angra på.
Nytt

- Ringnotlivet blei for kjedeleg

Dei visste dei måtte jobbe mykje meir for å tene det same som på ringnot. Likevel var Kjell Børre Petersen (39) og Nick Are Skorpen (29) aldri i tvil om at for dei ville det å gå over til sjark vere det rette steget å ta.

Administrator
18.02.2016
- Det å vere ringnotfiskar har blitt eit kjedeleg liv etter at det blei slutt på alt som heiter fritt fiskeri. No har vi fått tilbake spenninga, og vi kosar oss kvar einste dag, seier dei to herøyfiskarane som meiner ringnot har lite med fiskeri å gjere.

Sa opp kremjobbane

Det var i sommar dei bestemte seg for å seie opp det som mange vil kalle kremen av jobb ein fiskar kan ha for å bli sjarkfiskarar på heiltid.
Begge hadde då sikre jobbar om bord i ringnotbåten Herøy. I tillegg dreiv dei kvar sin liten sjark i friperiodane. Ikkje for pengane si skuld, men for å få halde på mest muleg med det dei likar mest av alt.
- Det er fiskarar vi er, seier dei to kompanjongane på 36-fotingen Kystfisk som blei kjøpt frå Bodø for vel eit halvt år sidan
Kvotar blei overtekne etter ein herøyfiskar som hadde sula opp, og etter å ha satsa nær fem millionar kroner på båt, kvotar og utstyr kunne sei sette kurs på nord i slutten av august i fjor.
- Vi var heimom i jula, og vi har også hatt oss nokre heimturar til sidan vi drog. Men båten har vi hatt liggande der oppe heilt fram til no, fortel dei to herøyfiskarane som har funne sin plass i det aktive sjarkmiljøet i Finnmark sin fiskerihovudstad Båtsfjord.

Linefiske på finnmarkskysten

Glade og fornøgde etter det fyrste halve driftsåret kom dei i går heim for å rigge om til garn og torsk. Så snart båten er ferdigrigga blir det på nytt å ta farvel med kjerringar og ungar. For Kjell Børre (far til tre) og Nick Are (far til to) går turen denne gongen til Lofoten for å ta ein høveleg del av torskekvota.
- Deretter blir det diverse garndrift her sør, men vi satsar på Båtsfjord igjen til hausten, fortel dei.

- Sytalaust i Båtsfjord

Makrell har dei to sett nok av på ringnot, og satsar som sjarkfiskarar heilt og fullt på kombinasjonsdrift etter torsk og hyse med line og garn.
- På hyse er det i praksis fritt fiskeri, og med det lineopplegget vi får servert i Båtsfjord kan vi ikkje ha det betre, seier dei to har ei hysekvote på 230 tonn.
Torskekvota til båten er på 110 tonn.

Ein million i januar

Kjell Børre og Nick Are fortel at som medlemer i ein av Båtsfjord sine to store eignesentralar har dei det sytalaust og kan konsentrere seg om fiskiga heilt og fullt. Bruket treng dei ikkje tenkje på, men leiger line som dei hentar ferdig egna for kvar tur.
Som betaling for lineservicen forpliktar dei seg til å levere fisken for minstepris til Norway Seafoods.
Eit glimrande opplegg, meiner dei to herøyfiskarane som i januar månad levrte hyse for rundt ein million kroner.

Genfeil

- Nokre vil gjerne kalle det ein genfeil å gå frå ringnot til sjark. Men for oss handlar det om det genuine med å drive sjøen.
- Det er dette vi likar, og gleda over å arbeide for seg sjølv veg opp for slitet som også er ein del av det å vere fulltids sjarkfiskarar.
Nokre vil gjerne kalle det ein genfeil å gå frå ringnot til sjark.

Publisert: 18.02.2016 13:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53