Ricco Vero har funne fram vekstplanane igjen
SATSAR PÅ VEKST: Ny butikk i fjor haust, og ein til i september. Fornying av merkevareidentiteten og ei samansmelting av nettbutikkar og fysiske butikkar - alt i løpet av eitt år. Finn Einar Kvamme i Ricco Vero-konsernet har tatt fram vekstplanane. 
Nytt

Ricco Vero har funne fram vekstplanane igjen

Ricco Vero syr saman nettbutikk og fysiske butikkar for å auke salet. Har fått vekstlysta tilbake.

14.07.2017
Etter at oljeprisen i 2014 stupte, la Ricco Vero planane om butikketablering i Stavanger på is.
- Vi ligg litt på veret på grunn av oljeprisutviklinga, sa Ricco Vero-eigar Finn Einar Kvamme til NETT NO i 2015.
Han hadde lokale på hand, men rett før jul 2014 sa han stopp - inntil vidare.

I fjor vart planane tatt fram på ny, og i november var den første Ricco Vero-butikken i Stavanger eit faktum. I september opnar Ricco Vero nok ein butikk. Det blir den andre klesprodusenten har i Bergen.

Vil vekse

- Vi ønskjer ein forsiktig vekst igjen, seier Sverre Magne Haugen. Han er dagleg leiar i Ricco Vero.
Med den nye butikken i Bergen har Ricco Vero åtte eigne butikkar; fire i Oslo, to i Bergen, ein i Stavanger og ein i Ålesund. I tillegg har selskapet tre utsal av salsvarer, ved hovudkontoret i Olden, i Stryn og i Vestby, søraust for Oslo.
Haugen seier det er aktuelt med fleire butikkar, først og fremst i dei større byane - der det er lettast å unngå konflikt med det etablerte forhandlarnettet.
Rundt 60 prosent av driftsinntektene skriv seg frå sal gjennom andre butikkar enn Ricco Vero sine eigne og det forhandlarnettet er viktig for selskapet, seier Haugen.

Nettbutikk og fysiske butikkar

I dag har Ricco Vero tre salskanalar; forhandlarar, eigne butikkar og nettbutikk.
I løpet av hausten skal selskapet ha fått på plass ei ny nettbutikkløysing, som syr saman nettbutikken og eigne butikkar. Du kan velge om du vil bestille på nett og hente i butikk, bestille på nett og få levert heim, eller bestille i ein butikk og hente i ein annan. Omlegginga er mellom anna eit resultat av at kundane i aukande grad går til nettet for å orientere seg, før dei handlar. Målet er å kome med løysingar som skal få fleire til å handle hos Ricco Vero.

Omlegginga skjer samstundes som Ricco Vero skal fornye korleis selskapet framstår, både i butikkar og i marknadsføringsmateriell elles.

Valutatrøbbel

Så lenge oljeprisen var høg og valutakursen sterk hadde selskap som Ricco Vero gode dagar. Sjølv om administrasjonen og designarane held til i Noreg, foregår klesproduksjonen i utlandet.
Då oljeprisen fall og krona vart svakare, vart importerte varer dyrare i innkjøp.
- Det er ein utfordrande bransje, det er det ingen tvil om, seier Haugen.
Den kostnadsauken har Ricco Vero og andre i bransjen berre delvis greid å ta inn ved å auke prisane. Haugen meiner selskapet no har ein pris som marknaden er viljug til å betale, og at det er uråd å hente inn heile kostnadsveksten som valutaendringa har påført bransjen.
- Vi må jobbe smartare, seier han.
Finn Einar Kvamme eig Ricco Vero-selskapa gjennom Kvamme Eiendom.
Konsernet nådde ein førebels topp i driftsinntektene med 120 millionar kroner i 2014. I fjor fall driftsinntektene for andre året på rad til 110 millionar kroner (sjå tabell), og selskapet ventar ein reduksjon også i år.
Lønsemda var på topp i 2012, med eit resultat før skatt på 10 prosent av driftsinntektene. Etterpå har den falle, til og med 2015. Lønsemda steig i 2016, til 4,4 prosent av driftsinntektene.
Det er ein utfordrande bransje, det er det ingen tvil om

Publisert: 14.07.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12