Rettssak etter at oppdrettsmerd havarerte
HAVARI: Cermaq krev 14,3 millionar kroner i erstatning etter at oppdrettsmerda Aquadome havarerte.
Nytt

Rettssak etter at oppdrettsmerd havarerte

Skuldast havariet av oppdrettsmerda Aquadome produksjonsfeil, er skuldast det ekstremvêret Ole? Det skal Søre Sunnmøre tingrett avgjere.

24.09.2018
Rettssaka startar i Volda i dag.
Oppdrettsselskapet Cermaq har saksøkt Norpartners i Fosnavåg MSC i Måløy og krev opp til 14,3 millionar kroner i erstatning frå dei to produksjonsselskapa.
Det nytutvikla semilukka anlegget havarerte 7. februar 2015 under uvêret som spesielt råka Nord-Norge.
Ifølgje opplyser Cermaq til tingretten at flyteringen på anlegget skulle produserast i ei anna type glasfiberarmering, men at denne etter forslag frå Norpartners vart bytta til ein annan type.

Avviser ansvar

Dei to saksøkte selskapa avviser noko ansvar, og meiner at uvêret hadde skulda, der det vart målt orkan styrke i nærområdet. I tillegg vert det vist til svakheiter ved arbeid og prosjektstyring.
Norpartners har produksjonen i Saldus i Latvia, og har satsa stort på produksjon av oppdrettsmerder.

MSC opplyser at Cermaq har fått heile forsikringsutbetalinga på 9,5 millionar kroner.
MSC meiner desse pengane skulle ha vore nytta til å lage ein ny Aquadome, ettersom det er snakk om eit pilotprosjekt.
Det er sett av fem dagar til rettssaka.

Publisert: 24.09.2018 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26