Rett til vers for Loen Skylift
LOEN: Over 115.000 passasjerar tok Loen Skylift i fjor.
Nytt

Rett til vêrs for Loen Skylift

Drifta av gondolbana går godt, og no ventar utbyte til eigarane.

12.07.2019
Eigarane av Loen Skylift kan fordele eit utbyte på 10,1 millionar kroner etter eit godt fjorår.
Dette kjem fram av årmeldinga frå selskapet.

Over 115.000

Trass dårleg vêr på hausten, auka trafikken kraftig frå året før.
Totalt tok 115.575 passasjerar bana opp til Hoven, ein auke på 23.520 frå året før.
Omsetninga stoppa på vel 45 millionar kroner, og resultatet før skatt på 14,4 millionar.

12 årsverk

Selskapet betalar også ned på gjelda, og hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 141 millionar kroner.
Loen Skylift sysselsette i fjor 12 årsverk, fire fleire enn i 2017.
328 millionar kroner er summen som totalt er investert for å bygge gondolbana med tilhøyrande anlegg.
Bana som går frå fjordkanten og tusen meter til værs til toppen av fjellet Hoven, .

Pengar til kommunen

I det første heile driftsåret i 2018, nådde dei besøksmålet allereie i september.

Største aksjonærar i satsinga er Hotel Alexandra og gondolprodusenten Garaventa, som gjennom sitt felles selskap FA-LS Holding eig 65 prosent av Loen Skylift.
Stryn kommune er tredje størst med 11,3 prosent av aksjane.
Kommunen får no over ein million utbytekroner.

Publisert: 12.07.2019 09:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37