- Det er lenge sidan det har vore så mykje aktivitet på forespørselssida som sist vinter, seier Per Ivar Fagervoll om interessa for å leige inn offshorefarty. Fagervoll er toppsjef i Golden Energy Offshore-systemet.
Golden Energy Offshore Services, det børsnoterte selskapet i systemet, offentleggjorde i går avtalen om kjøp av to fleirbruksfarty frå Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipments Co., Ltd i Kina.
- Viss ikkje vi hadde tatt dei no hadde andre tatt dei, seier han.
Interessa for å ta over ferdige, men ikkje overleverte skip, og at reiarlag tek skip ut av opplag er signal om at noko er i emning, etter Fagervoll si vurdering.
Tidspunktet er rett og prisen er rett seier han om avtalen med det kinesiske verftet.
Eit anna selskap i systemet kontraherte skipa for levering i 2016. Men slik marknaden utvikla seg blei overleveringa lagt på is.
No tek altså Golden Energy Offshore Services over, til nesten halv pris.
Golden Energy Offshore Services, det børsnoterte selskapet i systemet, offentleggjorde i går avtalen om kjøp av to fleirbruksfarty frå Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipments Co., Ltd i Kina.
Fleire beilarar
Fagervoll seier det var fleire interessentar til skipa og at det er i ferd med å bli færre attraktive skip å finne hos kinesiske verft for norske reiarlag.- Viss ikkje vi hadde tatt dei no hadde andre tatt dei, seier han.
Interessa for å ta over ferdige, men ikkje overleverte skip, og at reiarlag tek skip ut av opplag er signal om at noko er i emning, etter Fagervoll si vurdering.
Tidspunktet er rett og prisen er rett seier han om avtalen med det kinesiske verftet.
Kjenner godt
Det er to skip Golden Energy Offshore-systemet kjenner godt som no blir tatt over av Golden Energy Offshore for cirka 145 millionar kroner pr. skip.Eit anna selskap i systemet kontraherte skipa for levering i 2016. Men slik marknaden utvikla seg blei overleveringa lagt på is.
No tek altså Golden Energy Offshore Services over, til nesten halv pris.
Det er lenge sidan det har vore så mykje aktivitet på forespørselssida som sist vinter
Publisert: 29.06.2018 15:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23