Rett fraa opplag til jobb
OPPDRAG: Bourbon Mistral rett frå opplag på Fiskåholmen til arbeid for Lundin.
Nytt

Rett frå opplag til jobb

Etter nesten to eit halvt år i opplag på Fiskåholmen i Vanylven er denne PSV-en tilbake i arbeid.

11.06.2019
Dette stadfestar Herøy-baserte Bourbon Offshore Norway på sine Instagramsider.
- Det stemmer at Bourbon Mistral har blitt både aktivert og fått kontrakt, seier befraktningssjef i Bourbon Offshore Norway Arnstein Lystad til NETT NO.

Første PSV med X-Bow

Bourbon Mistral er eit PX 105- design bygd på Ulstein Verft i 2006.
Skipet var i si tid den første PSV-en med den karakteristiske Ulstein X-Bow og også det første skipet med klassenotasjonen Clean Design.

Kan bli oktober og november

Etter levering gjekk skipet på ei åtteårskontrakt for BP Norge saman med søsterskipet Bourbon Monsoon. No er det Lundin skipet skal jobbe for.
- Skipet skal arbeide på ei brønnbasert kontrakt for Lundin. Først skal Mistral vere med på ‘Jorvik-Tellus’- brønnen som Lundin borar no. Etterpå blir det fem korte gassbrønnar før ein lengre brønn som har fått namnet ‘Goddo’.
- Litt avhengig av om det blir funn eller ikkje reknar vi med det fort kan bli både oktober og november før skipet er ledig igjen, seier Lystad.
Mannskapet om bord er norsk/skandinavisk.

Skipet skal arbeide på ei brønnbasert kontrakt for Lundin

Publisert: 11.06.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36