Nytt
Resultatfall for Fjord1
Inntektene fall med 11 prosent.
16.05.2019
Riksvegsambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg sør for Bergen ble tatt over av konkurrenten Norled fra årsskiftet og er ei viktig årsak til at driftsinntektene til Fjord1 gjekk ned med 11 prosent i første kvartal, samanlikna med første kvartal 2018.
Inntektsreduksjonen slår ut i lønsemda, og selskapet rapporterer også at bidraget frå turistsatsinga er redusert samstundes som rentekostnadane er høgare på grunn av finansiering av nybygg.
I tillegg rapporterer selskapet oppstartkostnadar på fire nye strekningar som det overtok ved årskiftet. Mellom dei nye strekningane er Hareid-Sulesund.
"2019 er som tidlegare annonsert eit overgangsår, med førebuing til oppstart av dei nye kontraktane i 2020 og stor aktivitet med levering og ombygging av fartøy", skriv selskapet i presentasjonen av 1. kvartalstala.
I ein oppdatert rapport som Oslo Economics har laga for Statens Vegvesen blir det spådd resultatnedgang for Fjord1, men at selskapet likevel vil ha den mest lønsame ferjedrifta.
Passasjerbåtrafikken hadde 28 millionar kroner i driftsinntekter i 1. kvartal i år og eit driftsoverskot på tre millioner. Tilsvarande tal for 1. kvartal 2018 var 26 og 0,5 millionar kroner.
Cateringssegmentet, som mellom anna står for svelene ombord, hadde ein nedgang i driftsinntektene frå 39 millionar kroner i første kvartal i 2018 til 25 millionar kroner i første kvartal i 2019. Driftsresultatet fall frå 0,5 til minus 4,5 millionar kroner.
Fjord1 har satsa tungt på reiseliv, mellom anna i kompaniskap med Vy (tidlegare NSB).
I reknskapen er det utleige av farty til det deleigde selskapet The Fjords som blir og 1. kvartal er tradisjonelt eit underskotskvartal. 1.kvartal i år gav tre millionar i driftsinntekter og 10 millionar i driftsunderskot. 1. kvartal i 2018 gav tre millionar i driftsinntekter og to millionar i driftsunderskot.
Inntektsreduksjonen slår ut i lønsemda, og selskapet rapporterer også at bidraget frå turistsatsinga er redusert samstundes som rentekostnadane er høgare på grunn av finansiering av nybygg.
I tillegg rapporterer selskapet oppstartkostnadar på fire nye strekningar som det overtok ved årskiftet. Mellom dei nye strekningane er Hareid-Sulesund.
Overgangsår
I løpet av 2019 skal Fjord1 ta i mot i alt 14 nye ferjer og byggjer om fem eldre ferjer til batteridrift."2019 er som tidlegare annonsert eit overgangsår, med førebuing til oppstart av dei nye kontraktane i 2020 og stor aktivitet med levering og ombygging av fartøy", skriv selskapet i presentasjonen av 1. kvartalstala.
I ein oppdatert rapport som Oslo Economics har laga for Statens Vegvesen blir det spådd resultatnedgang for Fjord1, men at selskapet likevel vil ha den mest lønsame ferjedrifta.
Turisttap
Ferjedrifta er den klart største delen av Fjord1. Driftsinntektene frå ferjedrifta fall frå 648 millionar kroner i 1. kvartal 2018 til 580 millionar i første kvartal i år. Driftsresultatet fall frå 147 til 73 millionar kroner.Passasjerbåtrafikken hadde 28 millionar kroner i driftsinntekter i 1. kvartal i år og eit driftsoverskot på tre millioner. Tilsvarande tal for 1. kvartal 2018 var 26 og 0,5 millionar kroner.
Cateringssegmentet, som mellom anna står for svelene ombord, hadde ein nedgang i driftsinntektene frå 39 millionar kroner i første kvartal i 2018 til 25 millionar kroner i første kvartal i 2019. Driftsresultatet fall frå 0,5 til minus 4,5 millionar kroner.
Fjord1 har satsa tungt på reiseliv, mellom anna i kompaniskap med Vy (tidlegare NSB).
I reknskapen er det utleige av farty til det deleigde selskapet The Fjords som blir og 1. kvartal er tradisjonelt eit underskotskvartal. 1.kvartal i år gav tre millionar i driftsinntekter og 10 millionar i driftsunderskot. 1. kvartal i 2018 gav tre millionar i driftsinntekter og to millionar i driftsunderskot.
Publisert: 16.05.2019 14:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35