Ressurskrevande rettsak
GOD SJANSE FOR NYE MØTE: Advokat Are Stenvik (for Aker Biomarine) og advokat Ronny Lund (for Rimfrost/Rimfrost Technologies) i retten i Volda. Neste møte kan bli i lagmannsretten.
Nytt

Ressurskrevande rettsak

I tillegg til vitna stilte tilsaman ti representantar frå Aker Biomarine og Rimfrost/Rimfrost Technologies i rettsaka om teknologien ombord i krilltrålaren Juvel.

14.12.2018
Den fem dagar lange rettsaka i i Søre Sunnmøre Tingrett om kven som har retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel blir avslutta med prosdyrar i dag.
- Mykje pengar, er det Stig Remøy i Rimfrost og Rimfrost Technologies vil seie om kva det kostar å møte Aker Biomarine i retten.

Talrik tropp

Før sjølve rettsaka starta i Volda hadde partane allereie vore gjennom tre rettsaker for å avgjere kvar sjølve rettsaka skulle vere, i Oslo eller Volda. Høgsterett kom til same konklusjon som tingretten og lagmannsrette, at dette er ei sak som høyrde heime i Søre Sunnmøre Tingrett.

I Volda stilte begge partar med ei talrik tropp:
Aker Biomarine er representert av advokat Are Stenvik og advokatfullmektig Lene E. Nygård frå advokatfirmaet Bahr. I tillegg er juridiske direktør Lars Jacobsen med som selskapets representant og kommunikasjonssjef Ingeborg Tennes på tilhøyrarbenken.
Rimfrost/Rimfrost Technologies er representert av advokat Ronny Lund, advokat Dina Brask og advokat fullmektig Siv Snipsøyr. Stig Remøy representerar selskapa. Finansdirektør Jon Arne Winsnes i Olympic Subsea og Advisoadvokat Ingvild Vartdal har også vore til stades under deler av rettsaka.

Kan ankast

Det som har skjedd så langt mellom Aker Biomarine og Rimfrost/Rimfrost Technologies og forklaringane i retten gjer at ein anke til lagmannsretten er eit sannsynleg utfall av den komande dommen frå tingretten.
Både Aker Biomarine sin juridiske direktør Lars Jacobsen og selskapet administrerande direktør Matts Johansen forklarte i retten av utfallet av rettsaka tel med i vurderinga av om dei skal reparere Juvel etter brannen i sommar.

Frå Rimfrost si side blei det forklart at halvfabrikata som Juvel kan lage med hjelp av den omstridde produksjonsmetode er utgangspunktet for å kunne utnytte produktpatenta Rimfrost har knytt til å lage ferdige produkt av krillen.

Publisert: 14.12.2018 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29