Rem skip tilbake i Russland
RUSSLAND: Rem Installer har fått oppdrag i Russland, og er onsdag på veg ut frå Arkhangelsk.
Nytt

Rem-skip tilbake i Russland

Rem Installer og Rem Arctic er i full sving for russisk oppdragsgivar på russisk side i Barenthavet.

07.09.2016
- Vi har avtale på at vi ikkje skal gå ut med kven som er motpart, seier arbeidande styreleiar Åge Remøy i Rem Offshore.
Rem Offshore er dermed tilbake på russisk sokkel for første gong på to år.
- Ja, det er gledeleg. Oppdraget er innanfor gjeldande sanksjonsregime, seier Remøy.

Ramma av sanksjonar

I september 2014 måtte eit titals norske skip forlate russisk sokkel i Barentshavet etter at EU/USA sette i verk sanksjonar mot Russland på grunn av annekteringa av Krim og krigføringa i Ukraina.
Mellom skipa som miste langsiktige kontraktar for Exxon Mobile/Rosneft i Karahavet var Rem-skipa Rem Server og Rem Supporter.

Les her:


- Til å leve med

Åge Remøy seier at i første omgang er det snakk om arbeid i nokre månader.
- Kontraktane er til å leve med, spesielt sett i høve til kva vi får for oppdrag på norsk sektor.
Rem Arctic er ein 87 meter lang PSV levert frå Kleven i 2015, medan Rem Installer er eit 107 meter langt fleirbruksskip levert frå Kleven i 2013.
Rem Arctic ligg ifølgje no ved kai i Murmansk, medan Rem Installer er på veg ut frå Arkhangelsk.

Statoil-kontrakt

I tillegg til desse to kontraktane på russisk side har Rem fått kontrakt i Nordsjøen med Statoil for PSV-en Rem Leader. Kontrakten er på seks månader, med opsjon på ytterlegare seks.
Rem Leader er eit duel fuel-skip som kan gå både på tungolje, marin dieselolje og gass.
- Denne kontrakten er på operasjonskost, kanskje litt under, seier Åge Remøy.
89 meter lange Rem Leader vart levert frå Kleven i 2013. Skipet har nettopp kome fram til Vestbase i Kristiansund.
Trass i dei siste kontraktane, ser Åge Remøy ingen teikn til betring.
- Nei, eg trur nok at vi vil sjå at endå fleire skip kjem til å verte lagde i opplag.
Eg trur nok at vi vil sjå at endå fleire skip kjem til å verte lagde i opplag

Publisert: 07.09.2016 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00