Rem sjef ser vekstpotensiale
AKTIVE SELJARAR: Spesielt blant enkeltskipsforetak er det mange aktive seljarar, seier ny Rem Maritime-sjef Fredrik Remøy.
Nytt

Rem-sjef ser vekstpotensiale

- Vi er i vekst og ønskjer å fortsette å vekse, seier Rem Maritime-sjef Fredrik Remøy.

10.07.2018
Rem Maritime har vore på jakt etter ny toppsjef etter at Arild Myrvoll slutta for å bygge opp Sævikfamiliens selskap Kystruten.
I dag blei det offentleggjort at Fredrik Remøy får jobben. Han kjem frå stillinga som kommersiell direktør i same Rem Maritim, og har ei mastergrad i leiing frå University of London og ein Executive MBA frå Handelshøyskolen BI. Remøy er son til Åge Remøy, som grunnlag det nye offshoreselskapet saman med partnarane Thorsteinn Mar Baldvinsson frå Island og Magnus Roth frå Sverige/Sveits.

Meir å hente

I dag driv Rem Maritime seks skip.

Målet er å bygge opp ein større flåte, og Remøy meiner det vil by seg mange moglegheiter framover. Det er ikkje slik at seljarane har sett seg på gjerdet, trass høgare oljepris og teikn til auka aktivitet.
- I tillegg til etablerte selskap har du mange enkelskipsforetak - og der er det aktivet seljarar. Det er mange mogleheiter, seier Remøy.

Publisert: 10.07.2018 12:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24