Rem kontraktar til 200 millionar
HERØY: Rem Offshore-direktør Fredrik Remøy har hanka inn langtidskontraktar for fem av skipa i Rem-flåten.
Nytt

Rem-kontraktar til 200 millionar

Herøy-selskapet Rem Offshore hankar inn fem langtidskontraktar.

13.03.2019
Kontraktane har ein samla verdi på over 200 millionar kroner, opplyser Rem-direktør Fredrik Remøy.
Fartøya som har fått kontrakt er PSV-ane Rem Mira, Rem Cetus og Rem Insula, i tillegg til fartøy som no får namna Rem Trader (tidlegare Brage Trader) og Rem Inspector (tidlegare Forland Inspector).

- Solid vekstfundament

Remøy er strålande nøgd med avtalane.
- Verdien av desse kontraktane bidreg signifikant til innteninga for Rem Offshore, og legg eit solid fundament for vidare vekst.
- Kontraktane viser også talentet til organisasjonen for verdiskaping i ein framleis krevjande marknad, seier Remøy.
Konstruksjonsskipet Rem Inspector har fått kontrakt innanfor fornybar-feltet, medan dei øvrige skipa har fått kontraktar på UK-sektor.
Ifølgje Westshore har Rem Trader fått kontrakt med Hurricane Exploration på tre brønnar med oppstart 30. mars.

Publisert: 13.03.2019 19:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32