Rem Star blir krabbebaat
TIL SJØS: Rem Star går ut av opplag og inn i krabbefiske.
Nytt

Rem Star blir krabbebåt

Plattformforsyningsskipet "Rem Star" skal inn i krabbefiske.

28.11.2016
"Rem Star" sitt nye liv blir som krabbebåt i amerikansk og russiske farvatn. Det stadfestar Fredrik Remøy i Rem Offshore.
Båten er seld til ein internasjonal kunde, og skal ut av oljebransjen og inn i fiskeribransjen, skriv selskapet i ei børsmelding.

Prisen Rem Offshore får for skipet, og namnet på kjøparen er ikkje opplyst.

Jakt på alternativ

Rem Star er bygd i 2009 og vart lagt i opplag våren 2015.
Skipet vart bygd hos Simek i Flekkefjord og er 76,6 meter langt og 16 meter breidt.

Attraktivt fiske

Krabbefisket i USA og Russland foregår i røffe farvatn og er truleg mest kjent frå TV-serien "Deadliest Catch" på Discovery Channel, med fiskerihamna Dutch Harbour i Alaska som base.
Mange utvandra nordmenn har deltatt og deltek i fisket etter den attraktiver kongekrabben og snøkrabben, men små båtar, tunge krabbeteiner og stygt ver gjer at fisket også blir rekna som fartleg.


Publisert: 28.11.2016 15:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04